Aktuelt
Det vi må spørje oss om er om det er vaksne som ikkje ser, som ikkje tør å sjå
- 15/01/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn Seksuelle overgrep Vold Vold, seksuelle overgrep
På temadag for konsultasjonsteam i Rogland kom over 50 deltakarar frå over 13 kommunar for å dele erfaringar.
– Det er og viktig at informasjon om konsultasjonsteama når heile målgruppa, altså alle som jobber med barn og unge, seier Birgit Hegge. – At lærarar, helsesøstre, aktivitetsleiarar og barnehagetilsette veit om konsultasjonsteama, veit kva bekymringar dei kan ta opp og at det er viktig å kome tidleg med bekymringa – ikkje vente til ein er sikker.
Birgit Hegge, koordinator for konsultasjonsteamet i Stavanger delte sine erfaringar, både som deltakar frå BUP og som koordinator frå barneverntenesta. Ho trekkjer fram viktigheita av at teama er tverrfagleg samansett, og at deltakarane har ei interesse for barn som lever med vald og overgrep.
Hegge sender sjølv ut jamnleg epost til over 7000 mottakarar. Sjølv om ein når mange gjennom epost, må ein og markedsføre teama gjennom fagdagar, undervisning, og i møte med dei som arbeider med barn og unge, seier ho.
– Det er fortsatt for få saker som vert tatt opp i konsultasjonsteamet. Vi veit at det er barn og unge i Stavanger som opplever vald og overgrep. Det vi må spørje oss om er om det er vaksne som ikkje ser, som ikkje tør å sjå, ikkje tør å melde vidare eller ikkje veit kvar dei kan dele si bekymring.
– Konsultasjonsteama gjer ein tverrfagleg refleksjon, ei breiare drøfting, som igjen gir styrke og støtte til den som er bekymra. Konsultasjonsteama er viktige i arbeidet med å ivareta born og unge, avsluttar Hegge.
Anne-Lene Slåtterø, har lang erfaring frå arbeid i ulike konsultasjonsteam, og er i dag med i konsultasjonsteamet i Sandnes. Ho støtter Hegge sine erfaringar.
– Det å ha kompetanse om vald og overgrep, interesse og erfaring frå faget, kunnskap om eigen teneste og kva moglegheiter tenesta har for å hjelpe, er forutsetningar for at teama skal fungere. Ikkje minst må ein og vere åpen og ha interesse for dei andre tenestene sin kompetanse og moglegheiter. Det er viktig at teama er bredt representert, ikkje berre for drøftinga sin del, men og for å inngi legitimitet og tillit i dei ulike tenestene som er i målgruppa, seier ho.
Er du interessert i RVTS Vest sitt arbeid med tverretatlege konsultasjonsteam?