Aktuelt
Gratis EMDR utdanning til behandlarar i spesialisthelsetenesta i region vest
- 06/10/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: EMDR Førebygging Psykisk helse
Vi har fått midlar frå Helsedirektoratet til ei ekstraordinær kompetanseheving innanfor spesialisthelsetenesta for vaksne når det gjeld traumespesifikke metodar.
Midlane kjem som ein konsekvens av nyare handlingsplanar og oppdrag som RVTSane har blant anna i høve veteranar, framandkrigarar og flyktningar. Dette gir oss ein unik moglegheit til å tilby gratis EMDR utdanning til helseføretaka i region vest.
EMDR – «Eye Movement Desensitization and Reprocessing» er ein leiande og evidensbasert behandlingsmetode i høve bearbeiding av traume, med bruksområde også i forhold til stabilisering/ressursfokus og andre psykiske lidingar enn PTSD.
Metoden er opprinneleg utvikla av Francine Shapiro, og har i dag utbreiing over heile verda. Metoden baserer seg på bilateral stimulering, og integrering av reaksjonsmåtar etter traumatiske hendingar – tankar, kjensler og kroppslege reaksjonar.
Vi har inngått eit samarbeid med EMDR Europe Approved Trainer Bjørn Aksel Aasen, som held kurs i denne behandlingsforma, og tilbyr ei helheitleg utdanning der både trinn 1 og trinn 2 inngår, samt 10 timar rettleiing mellom trinna.
Trinn 1 gir innføring i metoden og korleis jobbe med enkeltståande traumehendingar, mens Trinn 2 gir opplæring i korleis metoden brukast i høve meir komplekse traumereaksjonar og dissosiative lidingar.
Trinn 1 har oppstart i november, mens trinn to startar i april 2016. Målgruppa har fått tilsendt invitasjon.
Kurshaldar er psykologspesialist Bjørn Aksel Aasen, EMDR Europe Approved Trainer.