Venke A. Johansen
- Særleg fokus
- Erfaring
- Utdanning
Mi undervisning og rettleiing er i hovudsak om tema relatert til vald, traumatisk stress og psykososial beredskap (PSB); Reaksjonar på kort og lang sikt etter kriser, ulykker og katastrofar. Eg er særleg opptatt av god ivaretaking av ramma og råka etter alvorlege hendingar for å dempe eller førebygge posttraumatiske reaksjonar. Tilsvarande gjeld hjelparen sine reaksjonar og betydninga av god og hensiktsmessig tilrettelegging for ivaretaking, også av denne gruppa. I tillegg er eg opptatt av kriseleiarar og mellommenneskeleg leiarskap.
Eg meiner at menneske som har vore utsett for kriser eller vedvarande belastningar kan ha stor nytte av god støtte og rettleiing kombinert med eigen innsats. Likepersonsgruppe med fasilitator har god nytteverdi for mange ramma, mens prosessrettleiing i ei kollegagruppe for fagpersonar kan vere hensiktsmessig for å forebygge eller dempe seinreaksjonar.
Eg har tru på at RVTS sitt arbeid er viktig for å redusere gapet mellom teori og praksis, og at vår innsats kan gjere ein forskjell.
I mitt arbeid med psykososial beredskap ved RVTS Vest, bidreg eg i nasjonalt og regionalt samarbeid på feltet. Eg er involvert i gjennomføring av eit ett-årig kompetanseprogram om psykososial kriseleiing. Eg er 22-juli-los, samt engasjert i nasjonalt og regionalt samarbeid om veteranarbeid.
Eg har mange år praksis som leiar, blant anna som senterleiar og nestleiar ved RVTS Vest. Lang erfaring med undervisning, forskning og rettleiing på universitet og høgskule, og som prosjektleiar ved fleire store endringsprosjekt i spesialisthelsetenesta.
Eg er utdanna intensivsjukepleiar og har doktorgrad ved UiB (2007) om psykiske reaksjonar og konsekvensar for livskvalitet etter å ha vore utsett for ikkje-familievold (tilfeldig vold) (2007): “Exposure to non-domestic violence – Short- and long-term psychological reactions and the impact on quality of life”. Har også utdanning i pedagogikk, kriminologi, psykiatri, leiing, bedriftsøkonomi og rettleiing.