Irmelin Bødtker Christensen

Irmelin_farger_web1

Irmelin Bødtker Christensen
Spesialkonsulent
Telefon: 93 02 22 00
E-post 

Utdanning: Eg er utdanna sosionom ved HiO, og har vidareutdanning i rettleiingsmetodikk, administrasjon og leiing, klinisk arbeid med par og Norges Røde Kors leiarutviklingsprogram.I tillegg har eg grunnutdanning i samspel og dialog, og er sertifisert som kursleiar innan Prep, ICDP og samlivsbrot.

Erfaring: Har lang erfaring frå ulike avdelingar regionalt og nasjonalt for Røde Kors. Eg har vore leiar for Røde Kors lokalt og på landsbasis innan fagfeltet barn og ungdom, rus og prostitusjon. Relasjonsbygging og nettverksbygging på tvers av det offentlege og ulike organisasjonar.

Leiar for prosjekt og arbeidd mykje med kompetanseheving og organisasjonsutvikling. Har vore engasjert i eldre og deira levevilkår og livskvalitet. Har halde mange kurs for frivillige og offentlege etatar. Jobba som nestleiar og konstituert leiar for Utekontakten i Bergen.

Særleg fokus: Krisesentertilbodet til kvinner og menn og godt samarbeid mellom regionane sine sentre. Jobbar på landsbasis med konferansar og kompetanseutvikling for alle krisesentra i landet. Representerer RVTS Vest i ressursgruppa i Bufdir.

Mitt andre fokus er vald mot eldre. Eg er oppteken av å spreie kunnskap ut til personar som jobbar i eldreomsorga. Dei eldre fortener ein trygg alderdom. Vi veit at det er mange eldre i dagens samfunn som vert utsatt for ulike typar vald og teier om dette. Difor er det viktig å få formidla kunnskap og kompetanse på dette området.

Brenn for: Eg er oppteken av at vi må tørre å snakke om ting. Det å vere eit medmenneske som kan lytte. Viktig å kunne formidle enkle «verktøy» som alle kan bruke når det oppstår vanskelege situasjonar. Kunnskap og empati – rausheit og respekt – haldningar og verdiar. Saman bli gode på å bidra til dei som verkeleg treng oss.

Tilbake til oversikten over tilsette