Spesialkonsulent
Inge Nordhaug
Telefon:
+ 47 41 23 69 77
Inge Nordhaug
Eg er klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri og har vidareutdanning i rettleiing. I tillegg har eg studiar i juridiske og teologiske fag, samt psykodramautdanning og utdanning i psykoterapi.
Eg har arbeidd som klinisk sosionom innan barne- og ungdomspsykiatri i nærare 30 år. Eg har undervist i rettleiingsmetodar på høgskular og har jobba ved RVTS Vest sidan oppstart 2006. Dei siste 5 åra før RVTS Vest leia eg prosjektet «støtte til seksuelt misbrukte barn» i region vest – som var eit av prosjekta som var grunnlaget for opprettinga av RVTS.
Har arbeidd mykje med kontakten mellom behandling og barnevern og er svært oppteken av barnevernet sin plass og kompetanse. Eg er oppteken av at personar som lever med vald og overgrep ofte vert oversett av tenestene og gøymd bak diagnosar. Eg er og oppteken av tilhøvet mellom sivilrett og strafferett innan fagfeltet vald og seksuelle overgrep.
Brenn for: Alle fagfolk skal ha eit profesjonelt nettverk i sitt nærområde og eg vil arbeide for at dette fungerer innanfor arbeidet med vald og seksuelle overgrep!