Sylvi R. Fiskerstrand
- Særleg fokus
- Erfaring
- Utdanning
Eg underviser og rettleier innan traumebehandling. Eg interesserer meg særleg for behandling av komplekse traumer, og komplekse dissosiative lidingar. Eg er og oppteken av reaksjoner hos hjelparen, og korleis ein kan forstå eigne reaksjonar og handsame dei på en god måte.
Brenn for: Eg ynskjer at alle som har opplevd traumer skal bli tatt imot på ein god måte i hjelpeapparatet, og få tilbod om god behandling.
Eg starta å arbeide med traumatiserte flyktningar ved Psykososialt Team for Flyktningar i 2002/2003, og har vore oppteken av traumebehandling sidan. Eg har vore med på å starte RVTS Vest, og var leiar for Fagteam Flyktninghelse og tvungen migrasjon. Etterkvart har eg blitt meir opptatt av behandling av komplekse traumelidingar generelt, og har vært tilknytta vaksenpoliklinikken ved Kronstad DPS i ei årrekke. Der har eg ei 40 % stilling knytta til behandling av komplekse traumelidingar og komplekse dissosiative lidingar. Eg har og arbeidd som behandlar ved Sandviken sjukehus, og i kommunal PP tjeneste.
Eg er utdanna psykolog ved Universitetet i Bergen, i tillegg til studier innan religionsvitenskap og historie. Eg er spesialist i klinisk vaksenpsykologi, og har vidareutdanning innan EMDR, Narrativ eksponeringsterapi, Sensorimotorisk psykoterapi (Level 3) og behandling av komplekse dissosiative lidingar.