Eg har stor interesse for korleis organisasjonskulturen påverkar læring og samhandling, og finn det inspirerande og nyttig å jobbe med tenestene som deltek i våre kompetanseprogram med dette fokuset.
I tillegg har eg fokus på prosessleiing og implementering av dette i eige område.
Viktig spørsmål for meg er: Korleis skal vi som senter jobbe saman for å vere oppdaterte og relevante både i form og innhald?
Eg har vore med på oppbygginga av RVTS Vest, og har sidan 2009 vore ein del av leiinga ved senteret. Eg har bakgrunn som lærar, og før det jobba innan administrasjonen i kommunal sektor.