Aktuelt
– Folk flest treng å oppleve at dei er velkomne og trygge
- 25/09/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Flyktningteamet Førebygging Psykisk helse Traume Traumebevisst omsorg traumesensitiv
Alle har fått med seg det aukande talet flyktningar og asylsøkjarar som kjem til Europa no.
Vi ser bilete av menneske som har opplevd å miste alt. Det er vanskeleg å forstå korleis dette kan vere og kva folk treng. Vi har snakka med Patrick O’Loughlin, leiar i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon om RVTS Vest sitt tilbod til tenester som kjem i kontakt med desse:
– Det er rørande å sjå korleis det norske folket bryr seg. Mange lurer på kva dei kan gjere for å hjelpe. RVTS Vest støttar både offentlege og frivillige/ideelle organisasjonar i deira møte og arbeid med flykningar. Vi tilbyr både konsultasjon, rettleiing og undervisning om tema som står sentralt i forhold til psykososiale behov hos asylsøkjarar og flyktningar.
– Det er viktig at vi bruker den kunnskapen vi har i møte med folk i krise. – Det er av stor betyding korleis nykomne flykningar og asylsøkjarar vert mottekne, legg han til. – Vi hugsar dei smilande ansikta hos menneske frå Syria når dei vart godt mottekne på jernbanestasjonen i Tyskland.
– Folk flest treng å oppleve at dei er velkomne og trygge. God allmennomsorg, uttrykt ved vennlig praktisk hjelp, er ofte nok for at folk i krise klarar seg. Samstundes vil det vere personar blant dei nykomne som treng ekstra oppfølging, og det er her RVTS Vest kan støtte dei ulike tenestene i kommunane. Vi har ulike aktivitetar retta både mot kommunal- og spesialisthelsetenestene kor vi bidreg til kompetanseheving om kultursensitive og traumebevisste tilnærmingar.
Ta kontakt med RVTS Vest for å drøfte ulike utfordringar på rvts@helse-bergen.no.
Relatert:
Cheering German crowds greet refugees after long trek from Budapest to Munich, The Guardian
German police forced to ask public to stop bringing donations for refugees arriving by train, Independent