Aktuelt
Psykososialt arbeid i møte med etterlatte etter sjølvmord
På nettverkssamling for alle som jobbar med psykososial oppfølging etter kriser og katastrofar i Rogaland, var oppfølging av etterlatte etter sjølvmord i fokus.
Kriseteamet i Stavanger/Sola/Randaberg har gode rutinar på korleis dei jobbar i teamet, og førelas om korleis dei jobbar med oppfølging av etterlatte etter sjølvmord.
Det ein ikkje veit, har ein vondt av
– Det omgrepet kan ofte stemme betre i dette arbeidet, enn det meir kjende “det ein ikkje veit, har ein ikkje vondt av”.
Ofte når eit sjølvmord har skjedd, så ynskjer dei vaksne å skjerme barna mot å vite at personen har døydd i sjølvmord, fortel dei.
– Det er viktig at barna i den råka familien vert informert om at det er sjølvmord, barn merker fort dersom det er noko som ikkje vert sagt. Og om ein ikkje fortel, risikerer ein at naboane veit meir enn barna. Teamet fortel at dei ofte tilbyr å vere med når familien skal fortelje barna om dette, i ein trygg setting saman med barna og foreldra, noko som ofte vert satt pris på.
Kriseteamet påpeikar at det er viktig å informere klasse/skule og barnehage når det har skjedd eit sjølvmord i ein familie.
– Nokre familiar vil halde barna heime der det er trygt, i staden for å sende dei til skulen eller barnehagen, men vi tenker at det for barna sin del ofte kan vere betre å komme raskt tilbake til det normale. Dess lenger ein ventar, jo vanskelegare blir det å gå inn “den døra”. Difor oppmodar vi om dette.
Viktig med tett oppfølging i starten
– Alle sjølvmord er forskjellige. Det kan vere ulike omstende, det var forventa eller heilt uventa. Vi må tilpasse hjelpa deretter og sjå kva som trengs. Men ofte når det har skjedd eit sjølvmord, og ein kjem inn som hjelpar i denne familien, så er det mykje sorg som møter ein. Det kan vere litt kaotisk, og ofte ser vi at barna blir gløymt litt, fortel dei. Då kan det vere lurt å vere to frå kriseteamet, slik at éin kan skjerme barna og trygge dei.
Teamet tilbyr alltid å ringe dei råka, og pleier å ha tre til fem heimebesøk i etterkant av sjølvmordet. Då vert det snakka om kva etterreaksjonar som er normalt, det vert informert om LEVE (Landsforeningen for etterlatte ved sjølvmord) og vegen vidare. Om nokon treng meir hjelp, så formidlar dei dette vidare.
Ofte etter ei tid, er det mange som finn hjelp i sine venne- og familienettverk.
Lettare å ta kontakt når ein kjenner ansikta
Eli Bentsen og Tove E. Brudal er medlemmar av kriseteamet i Sandnes kommune. Dei set stor pris på desse nettverkssamlingane.
– Det som er best med desse samlingane, er erfaringsutvekslinga. Ein vert meir bevisst på korleis ein møter mennesker i krise. Som i dag, då har ein blitt meir bevisst på korleis ein kan møte barn som pårørande. Vi lærer mykje av kvarandre.
– Samstundes er det godt å kjenne til kven som er med i dei ulike kriseteama i Rogaland. Då vert det lettare å ta kontakt på tvers av kriseteam og kommunar. Det er lettare å ta kontakt når ein har eit ansikt å relatere til. Til dømes om ein har ei krise der det er involvert eit menneske som eigentleg tilhøyrer ein annan kommune.
– Vi ser alltid fram til desse samlingane, og vi set pris på at vi har desse listene med kontaktinformasjon til alle og at vi kan vere med å bestemme kva som skal vere tema på samlingane.
“Koss har du det?”
Sybille Greiner, nestleiar i LEVE Rogaland, førelas om korleis etterlatte vil bli møtt etter eit sjølvmord.
– Å skape ein god relasjon er utruleg viktig i møte med etterlatte. At ein avviser kriseteamet betyr ikkje at ein ikkje har behov for hjelp, seier ho.
– Lytt, ver til stades! Det er lov å vere menneske, det er ikkje feil å felle ei tåre. Det handlar om å vise at ein bryr seg. Ta den telefonen og spør “Koss har du det?”
Sybille Greiner er oppteken av at etterlatte sin erfaringskompetanse må nyttast på sikt. – Kva er det som gjer at ein klarar seg? Vi må heve etterlatte sine erfaringar ved å løfte dei fram frå den mørke skuffa. Den erfaringa ein har som etterlatt, kan nyttast til å hjelpe andre.
Sybille avsluttar med å oppmode kriseteama til å kontakte LEVE dersom ein møter etterlatte som ikkje ser noko framtid eller lys i tunellen.
Venke A. Johansen presenterte endringar som vil komme i den reviderte versjonen av Veileder for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer.
Gudrun Austad hadde førelesinga Etter selvmordet – hvordan knytte sammen teori og praksis?
Ellen Helene Aarre koordinerte dagen.
Les Hjelparar i møte med media frå ein tidlegare nettverkssamling.