Aktuelt
Fokus på flyktninghelse i grunnutdanninga for sjukepleiarar
- 18/12/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Flyktninghelse Førebygging
Ingen kommentarer
![Fokus på flyktninghelse i grunnutdanninga for sjukepleiarar](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2014/12/Undervisning_Stord.jpg)
Nyleg underviste psykologspesialist Patrick O’Loughlin og fysioterapeut Rolf Vårdal i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon for studentar innan bachelorutdanninga i sjukepleie ved Høgskulen Stord/Haugesund.
![Patrick O'Loughlin og Rolf Vårdal underviser om flyktninghelse. Foto: Høgskulen Stord/Haugesund](http://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2014/12/Undervisning_Stord-300x228.jpg)
I tillegg til studentane var fleire helse- og sosialarbeidarar frå spesialist – og kommunehelsetenesta tilstades.
– Dette var ein flott måte å undervise på, seier Patrick. – Det vart gode diskusjonar når ein hadde inne erfarne fagfolk som gjerne har jobba lenge og kunne gje mange døme frå praksisfeltet. Samstundes var det kjekt å sjå at det var mange gode haldningar blant studentane når det gjeld flyktninghelse.
Patrick O’Loughlin, som er teamleiar i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon, ynskjer fleire oppdrag av denne typen.
Les om undervisningsdagen på Høgskulen Stord/Haugesund sine nettsider.
Dersom din arbeidsplass/undervisningsinstitusjon er interessert i liknande undervisningsopplegg, kan ein kontakte rvts@helse-bergen.no.