Geir J. Olsen er ny medarbeidar i fagteam vald og seksuelle overgrep.
Geir Olsen er ny medarbeidar ved RVTS Vest.
Mange vil kjenne Geir J. Olsen som ein av grunnleggjarane av TERMA, TERapeutisk Møte med Aggresjon.
Geir er utdanna sjukepleiar og har erfaring frå akuttmottak i psykiatri, somatikk og rus, samt sikkerhetspsykiatri på Gaustad og Sandviken.
Dei siste 14 åra har han vore tilsett ved kompetansesenteret i sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri region vest.
Han er tilknytta The European Violence in Psychiatry Research Group (EViPRG), som er eit nettverk som har som mål å auke forståinga , førebygge og handtere vald i psykiatrien ved å forske og formidle god praksis.
Hans særlege fokus i fagteam vald og seksuelle overgrep er korleis møte og handtere vald og aggresjon på ein optimal måte.
Geir er oppteken av at vi må ha møteplassar på alle nivå for å byggje kompetanse.