Aktuelt
RVTS Vest var nyleg på Bømlo for å halde eit kurs om vald mot tenesteytar.
Deltakarane var frå psykisk helse, fysio- og ergoterapi, legetenesta og miljøtenesta. Kurset vart til på førespurnad av verneombod Reidun Sortland og Tove Britt Digernes som er fagansvarleg for hjelpepersonalet ved legekontoret.
Kurset vart arrangert på kveldstid, og tema var aggresjon og vald som fenomen, fysiske grunnprinsipp i kritiske situasjonar og risikovurdering.
Vi spurte Reidun Sortland om hennar oppleving av kurset:
– Sjølve teoridelen var kjent frå før, men gav ei oppfriskning av gammal kunnskap som var veldig bra. Me hadde gruppearbeid som var nyttig og lærerikt. Her fekk me forståing av kollegaer sine erfaringar. Me gjekk gjennom gruppearbeidet, og det at kursleiar gjekk gjennom situasjonen som vart lagt fram etter gruppearbeidet, var svært nyttig. Viktige stikkord er å ikkje vera blåøygd, opptre rolig og tenka risikovurdering. I mange situasjonar har me ikkje tenkt gjennom risikoar og kan då lett bli tatt på ”senga”. Det var bra å gå gjennom litt praktiske øvingar og kjenna på kor nær me kan gå kvarandre utan at det opplevdes ubehagelig. Det vart litt lita tid til å prøva seg på frigjeringsteknikkar, men nyttig å sjå. Ein slik kursdag er berre å anbefala.
Ønskjer din arbeidsplass eit liknande kursopplegg, kan du kontakte Geir Olsen i fagteam vald og seksuelle overprep. E-post: geir.johnny.olsen@helse-bergen.no Telefon: 55 97 70 85