Aktuelt
Tidlig Inn er eit opplæringstilbod til kommunane. Det gjev kompetanse innan tidleg intervensjon ved vanskar knytta til psykisk helse, rusmidlar og vald i nære relasjonar.
Målsetjinga er å gjere tilsette i kommunane tryggare når det gjeld tidleg intervensjon og tidleg identifikasjon.
Regionale opplæringsteam formidlar kunnskap om kartleggingsverkty og samtaleferdigheit til dei som til dagleg arbeider nær gravide og småbarnsforeldre.
Teama består av kurshaldarar frå:
- RVTS (Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging)
- KoRus (Kompetansesenter –rus)
- Bufetat (Barne-ungdoms-og familieetaten)
- RBUP (Regionsenter for barn og unges psykiske helse)
- RKBU (Regionalt kunnskapssenter for barn og unge)
Programmet er initiert av Helsedirektoratet og Barne-ungdom og familiedirektoratet.
- Sentralt i opplæringa er:
- Dialog om sårbare tema
- Bruk av MI og støttesamtalar
- Kartlegging av og samtalar om alkohol og graviditet
- Kartlegging av og samtalar om psykiske vanskar under graviditet og småbarnsperiode
- Kartlegging av og samtalar om vald i nære relasjonar
- Samarbeid om alvorleg og kompleks problematikk
Kjelde: tidligintervensjon.no
Linda Kvalvik og Geir Olsen i fagteam vald og seksuelle overgrep er kurshaldarar for Tidlig Inn ved RVTS Vest. Kontakt dei for meir informasjon.
Her frå opplæring for tilsette i NAV, helsestasjonar, barnehagar, jordmødre og barnevernet i Høyanger og Balestrand.