I dag er det verdensdagen for sjølvmordsførebygging.
I samband med dette er det ulike arrangement i regionen. I Bergen skal Leve Hordaland, i samarbeid med Kirkens SOS og RVTS Vest ha ei markering i Marken. Om kvelden er det arrangement på Litteraturhuset klokka 19. Der skal kortfilmen “Livet går faktisk videre” visast, og ein har anledning til å møte ein ung etterlatt og ein fagperson.
I Stavanger inviterer LEVE Rogaland til ei samling ved paviljongen i Byparken klokka 18. Her skal det tennast lys for kvart av fjorårets sjølvmordofre, og det vil og vere anledning for andre å tenne eit lys for nokon dei saknar.