Aktuelt
Webinar om psykisk helsehjelp for barn og unge i kommunen
- 15/01/2025
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt

Helsedirektoratet har starta ei webinarrekke om psykisk helsearbeid for barn og unge.
Webinara er aktuelt for kommunar i oppstartsfasen av eit psykisk helsetilbod og kommunar som vil jobbe med forankring og utvikling av eksisterande tilbud.
Målgruppa er leiarar på politisk og administrativt nivå i kommunar og sjukehus, og fagpersonar.
Du får kjennskap til:
- Kvifor kommunen skal ha ein psykisk helseteneste for barn og unge
- Føringar i nasjonal rettleiar om etablering av ein psykisk helseteneste for barn og unge i kommunen
- Lovgrunnlaget for ei psykisk helseteneste til barn og unge i kommunen
- Korleis forankre ei psykisk helseteneste, politisk og administrativt – døme frå to kommunar
Linda Kvalvik er RVTS’ane sin representant i nasjonal implementeringsgruppe for “Veileder psykisk helsearbeid barn og unge”.

– Rettleiaren slår fast at barn og unge skal ha enkel tilgang til psykisk helsehjelp i heimkommunen sin. Kommunen skal tilby tidlig hjelp og behandling til innbyggjarar som opplever psykiske utfordringar, begynnande rusproblem og reaksjonar på belastande livshendingar. Vi veit at kommunane har kome litt ulikt i arbeidet, og gjer det på ulike måtar. Webinarrekka frå Helsedirektoratet vil vere nyttig uansett korleis din kommune organiserer psykisk helseteneste.
Du finner webinara og meir informasjon på Helsedirektoratet si nettside:
Webinar 2: Hvordan utforme og organisere en psykisk helsetjeneste for barn og unge i kommunen?