- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Kjønnslemlesting av jentebarn
13/09/2013 @ 11:00 - 14:30
Målsettinga med kurset er å få djupare forståing av problemstillinga og å styrke kulturkompetanse og korleis best kommunisere dette til råka grupper.
Chiku Ali har arbeidd i forhold til kvinneleg omskjæring i mange år både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og har utvikla ein tilnærmingsmodell i kursutgåve retta mot «endringsagentar» som skal bidra med førebyggande og haldningsskapande arbeid. Temadagen passar for alle frå helsepersonell, barnevern, skule og barnehage og andre i hjelpeapparatet, samt ressurspersonar og personar frå råka grupper. Helsesøster knytta til mottak og flyktninghelsesøster for busette er også ei viktig målgruppe.
Chiku vil ta opp følgjande:
Er omskjæring av jentebarn fortsatt aktuelt? Kva er det? Kvar skjer det? Kva konsekvensar? Kva muligheiter fins for å få hjelp med eventuelle helseplager? Kvifor oppretthalde tradisjonen? Korleis vert det oppfatta i Noreg/ heimlandet? Korleis kommunisere med råka personar og førebygge at det skjer? Korleis møte hjelpeapparatet og foreldre og barn som er utsett eller i risikosona?
Påmelding stengt