Aktuelt
2024: Nasjonal mentoropplæring om førebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme
Illustrasjonsfoto: Istock.com
– Det er for tida stor pågang til haustens mentoropplæring frå heile Noreg, seier Elisabeth Harnes, prosjektleiar for fagopplæringa og arbeidet med radikalisering og valdeleg ekstremisme ved RVTS Vest.
– Vi ser at stadig fleire kommunar i Noreg satsar på mentorordningar, og sender fagpersonar som er meint å jobbe direkte med mentorering av utsette barn, unge eller vaksne som er i eit radikaliseringsløp eller er del av ekstreme nettverk og grupperingar, seier Elisabeth. – Parallelt er det mange avdelingsleiarar og rådgivarar, til dømes i NAV og skule, SLT-koordinatorar, tilsette i barnevern, flyktningstjenester, konfliktråd, kriminalomsorg, radikaliseringskontaktar i politi samt tilsette i rus og psykisk helse som tar opplæringa.
Ekstremismekommisjonen
– I Ekstremismekommisjonens NOU vert det understreka at godt forebyggande arbeid mot ekstremisme forutset at samfunnet har presis og oppdatert kunnskap om fenomenet, særlege orsaker og kjenneteikn. I tillegg må ulike aktørar i samfunnet ha klare roller og mandat for at det forebyggande arbeidet skal vere målretta og effektivt. Dette er perspektiv som vi bak mentoropplæringa deler. Sidan 2015 har vi forsøkt å ivareta dette i den nasjonale mentoropplæringa, som også er vist til i same NOU under «Reintegrering og mentorordninger i norske kommuner» (26.4.2), seier Elisabeth.
Opplæring haust 2024
Til hausten arrangerer RVTS Vest ny runde med mentoropplæring i Bergen. Den tverrfaglege opplæringa går over ni dagar, og skal utruste fagpersonar i 1. og 2. linetenesta med ei haldnings- og handlingskompetanse til å forebygge og jobbe med av-radikalisering, fråkopling og re-integrering.
Opplæringa inneheld forskningsbasert kunnskap om radikaliseringsprosessar, ulike ideologiar og ekstreme miljø – med vektlegging av islamistisk ekstremisme og høgreekstremisme som vert reknasom dei største terrortruslane mot Noreg. Sentrale temaer inkluderer bakenforliggende sårbarhet og risikofaktorer og ein nyansert forståelse av vald, traumer og psykolologisk sårbarhet for ekstremisme.
Deltakarane får fordjupning i alliansebygging, samtaleteknikk, kulturkompetansedemokratisk beredskap, risikovurderingsverktøy og psykososiale verktøy i ein radikalisering og valdeleg ekstremisme kontekst. I løpet av opplæringa får dei også innføring i tverretatleg samhandling og lovverk, og vert introdusert til kommunale samhandlingsmodellar, bærekraftige diasporaprosjekt, og møte med operative mentorar, tidlegare ekstremistar eller mentee i eit av- radikaliseringsløp.
Implementering
– Det er ei stor styrke når kommunar eller regionar har moglegheit til å sende fleire tilsette på same opplæring. Då kan kompetansen brukast og implementerast meir effektiv etter endt opplæring, til dømes gjennom utvikling av planarbeid og oppretting av kommunale eller interkommunale ressursteam og mentorordningar. Siden 2015 har vi utdanna kring 700 personar på tvers av tenester frå over 70 kommunar i Noreg, og vi ser fram til å fortsetje denne satsninga, avsluttar Elisabeth Harnes.