Aktuelt
Lettare tilgjengeleg kunnskap i Fredagsfokus
- 19/10/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Heile RVTS Vest bidreg i Fredagsfokus. Her representert ved (bak frå venstre): Mette E. Garmannslund og Steinar Hvål. Framme frå venstre: Randi Mossefinn, Sanne Bach og Sylvia Haukanes.
Med Fredagsfokus ønsker vi at våre temaområde blir meir tilgjengelege og synlege.
Fredagsfokus vart til under pandemien, då «alle» satt foran skjermane sine på heimekontor. Ved RVTS Vest starta vi å utforske nye måtar å undervise på.
Steinar Hvål, psykologspesialist ved RVTS Vest, er ein av fleire sentrale personar bak Fredagsfokus.
Kva er Fredagsfokus?
– Fredagsfokus er 45 minutt live sending, ein fredag kvar månad, med tema relatert til våre fagfelt. Med det ønsker vi å setje i gang diskusjon og bidra til auka kunnskap, i eit format og med eit språk som når mange. Vi inviterer også sjåarane til å kommentere undervegs. I panelet er det alltid fagfolk frå RVTS Vest, av og til har vi invitert gjestar.
«Med eit språk som når mange» – kva meiner du med det?
– Vi som jobbar med undervisning blir lett fanga av å bruke faguttrykk og forkortingar som er sjølvsagte for oss, men som er lite tilgjengeleg for andre. I Fredagsfokus forsøker vi å ha eit språk som ikkje er for fagtungt – men som er lett og ledig og dermed kanskje når endå fleire. Med dagsaktuelle overskrifter koplar vi fag med noko fleire kan relatere til. Eit eksempel er det første Fredagsfokuset, kor vi brukte den danske serien «Ulven kommer» som utgangspunkt for å diskutere teikn og signal hos barn som er utsett for omsorgssvikt.
Kvifor er det viktig å nå mange?
– Førebygging er alfa og omega. Utover å hindre pågåande lidingar, er det og slik at tema vi underviser om er roten til svært mange av våre samfunnsproblem. Det å bli utsett for vald og/eller seksuelle overgrep i oppveksten eller annan svikt når du er barn, kan få konsekvensar heile vegen inn i – og resten av – vaksenlivet. I delen av befolkninga som har vore utsett som barn, ser vi ei opphoping av psykiske helseplager, fysiske helseplager, sosioøkonomiske vanskar, relasjonelle vanskar, bruk av rusmidlar, utanforskap, sjølvskading og sjølvmordsåtferd, og «you name it».
– Dersom Fredagsfokus bidrar til auka og lettare tilgjengeleg kunnskap om våre temaområde, så er det viktig jobb, meiner vi!
Kva seier sjåarane/lyttarane?
Første Fredagsfokus vart sendt 12. mars 2021. Veit vi noko om kva dei som følger med på Fredagsfokus meiner?
– Tilbakemeldingane vi får er udelt positive. Fleire tenester brukar Fredagsfokus aktivt i internundervisning og som fagutvikling. Heile personalgrupper følger våre 45 minutt saman, og fortset diskusjonen internt på arbeidsplassen når sendinga er ferdig. Det høyrest kjekt ut, eigentleg. Andre tilbakemeldingar er at mange i landet jobbar i små avdelingar, nokon jobbar også aleine. Særleg på mindre stader og i små kommunar. Gjennom Fredagsfokus opplever dei å høyre kollegaer snakke om ting som angår dei. Som eit supplement til kollegaprat. Det er ei ringverknad vi ikkje hadde tenkt på, men som er svært positiv.
No også som Podcast
– Alle sendingar av Fredagsfokus kan no lyttast til som podcast. Vi er på alle stader kor du pleier å høyre podcastane dine. Berre søk opp RVTS Vest eller Fredagsfokus på Spotify, så ligg dei der. Framover legg vi ut alle Fredagsfokus fortløpande og så snart dei er klare. Følg oss! Lik oss!, oppfordrar Steinar Hvål.
Relevant:
Neste Fredagsfokus: Traume og triggarar ut til folket! Dato: 27. oktober