Aktuelt
Stilling ledig: Kriser, beredskap og psykososial oppfølging
- 19/09/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Ingen kommentarer
Vi søker ein erfaren fagperson med kjennskap til arbeid med kriser, beredskap og psykososial oppfølging.
RVTS Vest dekker fylka Rogaland og Vestland og arbeider på tvers av etatar og sektorar. Senteret har rundt 25 tilsette fordelt i tre område; “Barn og unge”, “Vaksne” og “Kommunikasjon og implementering”. Senteret skal samordne og styrkje kompetansen og kvaliteten i tenesteapparatet på tema traume og kriser, sjølvmord, vald og flyktningehelse. Senteret jobbar med konsultasjon, undervisning og nettverksbygging. Senteret samarbeider med sentrale styresmakter og nasjonale fagmiljø på tema.
Arbeidsoppgåver
Stillinga skal styrkje senteret sitt arbeid med kriser, psykososial beredskap og kommunale kriseteam. Dei tilsette i senteret må kunne leie kompetanseprogram og bidra med undervisning og rettleiing
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum mastergradsnivå
- Kompetanse på arbeid med kriser og beredskap, med vekt på psykososial oppfølging
- Erfaring frå arbeid med vaksne og familiar
- Rettleiings- og undervisningskompetanse
- Erfaring med digitalisering er ønskeleg
- Erfaring frå prosjektarbeid er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Omstillingsvilje
- Ansvarskjensle for eigne og senteret sine prosjekt
Vi tilbyr
- Tilhøyre i eit anerkjend fagmiljø
- Kultur for fagleg og personleg utvikling
- Stor fridom til å utforme innan eigne ansvarsområde
- Løn og arbeidsvilkår etter Helse Bergen sitt avtaleverk