Aktuelt
Frå flukt til fellesskap gir deg meir kompetanse og fagleg trygghet i møte med barn og unge som kjem frå krig og flukt.
Frå flukt til fellesskap er ein kompetansepakke til deg som arbeider i barnehage, skule eller tenester som involverer barn/unge og deira familiar med fleirkulturell bakgrunn, og særleg familiar som har flukterfaringar.
Trygghet i møte med familiar med fluktbakgrunn
– RVTS Vest ynskjer at dei ni filmane som utgjer kompetansepakken, kan bidra til at du kjenner deg så trygg som mogeleg i møte med familiar med fluktbakgrunn. Starten i barnehage, skule og fritidsaktivitetar i ein ny kommune kan ha stor betydning for korleis barn og foreldra har det i kvardagen sin, seier fagansvarleg Beate Gauden. – Vårt fokus er å trygge deg gjennom å fokusere på den mellommenneskelege dimensjonen i ditt faglege arbeid med flyktningefamiliar, seier ho.
Korleis bruke filmane
– Sjølv om filmane er laga med tanke på barnehage, grunnskule og hjelpetenester, kan dei gjerne brukast til kommunetilsette generelt, vidaregåande skule, tilsette innan helse, frivillige, innbyggjarar og som undervisning i utdanningsløp både på fagarbeidarnivå og høgskulenivå, seier Beate.
– Filmane heng saman, og kan sjåast frå start til slutt. Filmane kan også sjåast ut frå kva tema du ønskjer meir kunnskap om. Refleksjonsspørsmåla som høyrer til kvar film, kan nyttast individuelt og/eller i personalgrupper.
Tema i Filmane
- Den viktige starten i ny kommune
- Gode grep i barnehagen
- Samarbeid med foreldre
- Sosial støtte og inkludering er så viktig!
- Kultursensitivitet
- Migrasjon og flukt
- Å ta imot barn med flyktningebakgrunn
- Foreldre=ressurs
- Gode grep i skulen