Vår forståing av traumer har gjennomgått ei grunnleggende endring dei siste åra. Septemberkonferansen 2013 kan bli eit vendepunkt for korleis du forstår og hjelper menneske med belastande og skadelege livserfaringar.
Ikkje gå glipp av den unike muligheten til å høyre ein internasjonal spydspiss og pådrivar for utviklinga på feltet; Julian Ford. Han er hovedføredragshaldar, men også Finn Skårderud og ei rekkje andre framstående fagpersonar er på talelista.
Senterleiar Espen R. Johansson og leiar for Septemberkonferansekomiteen Dag Ø. Nordanger meiner at dette er ein avgjerande konferanse for alle som jobbar med traumer, og oppmodar deg til å melde deg på.