Aktuelt
Ledige stillingar i område barn og unge
- 14/03/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Ingen kommentarer
Vi søkjer 2-3 erfarne fagpersonar som vil vere med å utvikle tenestetilbodet til barn, unge og familiar. Aktuelle fagområde er flyktningehelse, tvungen migrasjon, sjølvmord og traume.
RVTS Vest dekker fylka Rogaland og Vestland og arbeider på tvers av etatar og sektorar. Senteret har rundt 20 tilsette fordelt i tre område; “Barn og unge”, “Vaksne” og “Kommunikasjon og implementering”. Senteret skal samordne og styrke kompetansen og kvaliteten i tenesteapparatet på tema traume og kriser, sjølvmord, vald og flyktningehelse. Senteret jobbar med konsultasjon, undervisning og nettverksbygging, og samarbeider med sentrale styresmakter og nasjonale fagmiljø på tema.
Arbeidsoppgåver
- Senteret er ei teneste for tenestene, og stillingane vil gå inn i senteret sitt arbeid med tenester som har barn, unge og familiar i fokus. Du må kunne leie kompetanseutvikling, undervise og rettleie.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum mastergradsnivå
- Utdanning eller spesialisering om eit eller fleire av senterets temaområde
- Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
- Rettleiings- og undervisningskompetanse
- Erfaring med digitalisering er ønskeleg
- Erfaring frå prosjektarbeid og implementering er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Omstillingsvilje og -evne
- Ansvarsfølelse for eigne og senteret sine prosjekt
Vi tilbyr
- Tilknyting til eit anerkjend fagmiljø
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn og arbeidsvilkår etter Helse Bergen sitt avtaleverk
Ikkje lenger mogeleg å søke på stillinga.