Aktuelt
Introduksjon til læringsressursen «Jeg vet»
Jobbar du i barnehage eller skule?
Vi inviterer til innføring i læringsressursen «Jeg vet» på RVTS Nord sitt digitale kurs den 26. april. Her blir du kjent med «Jeg vet»; korleis du kan bruke læringsressursen og korleis lære opp andre til å ta den i bruk.
Barnehagar og skuler har eit ansvar!
Barnehagar og skular har eit ansvar for å førebygge og avdekke at barn vert utsett for fysisk, psykisk, seksuell og digital vald. Å gi barn kunnskap om kva vald og overgrep er, kjennskap til sine rettar og muligheit for å fortelje fremjar livsmeistring. Det er eit viktig bidrag inn i å førebygge at barn og unge vert utsett og/eller utset andre for vald, overgrep og mobbing.
«Jeg vet» skal bidra til at barnehagar, grunnskular og videregåande skular har eit valdsførebyggende opplæringstilbod som fremjer livsmeistring – og er systematisk, kunnskapsbasert og nasjonalt likeverdig tilbud.
Nasjonalt samarbeid
Tidlegare i vinter var den nasjonale arbeidsgruppa for Jeg vet (og snakke med barn) samla hos RVTS Nord i Tromsø. Liv Eli Gaup og Christy Benedict Edwardsen gledar seg til å treffe fagfolk frå heile landet på introduksjonskurset!
For meir informasjon og påmelding til introduksjonskurs om Jeg vet.