Aktuelt
Anerkjenning, ivaretaking og oppfølging av veteranfamilien
- 01/02/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Nyleg vart den nasjonale veterankonferansen for 2023 arrangert i Molde. Hovudtema var anerkjenning, ivaretaking og oppfølging av veteranfamilien, samt forskning på veteranfeltet og kompetanseheving.
Fagrådgjevar ved RVTS Vest, Venke A. Johansen, var på konferansen.
– Desse områda er prioritert av myndigheitene, og heile tre statsråder var tilstades, seier Venke. – Forsvarsminister Bjørn Arild Gram opna konferansen, medan helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol snakka om ansvar og prioritering innan helse og omsorg. Barne- og familieminister Kjersti Toppe fokuserte på temaet veteranfamilien.
Veteranfamilien
– Frå vår region var det nettopp eit innslag om veteranfamilien som vart presentert, fortel Venke.
– Dette innlegget var ein dialog mellom Anne Mette Albert og Herdis Dyrdal Stoknes. Anne Mette er gift med ein veteran og Herdis Dyrdal Stoknes er familieterapeut ved Bergen og omland familievernkontor.
– Anne Mette fortalde om korleis det er å vere på «hjemmefronten» med alt ansvar og åleine med barna, og samtidig ha konstant angst for at det kan skje noko med ektefellen. Dette gjer noko med eiga helse.
Forventning og realitet
– Anne Mette snakka og om forventningane til kor fint det skulle bli når pappa kom heim, og korleis desse var i disharmoni med realiteten, fortel Venke.
– Den som har vore i utanriksteneste er ofte framleis «tilstades i krigen» mentalt sett, og opplever det som skjer heime som irrelevant. Mange oppfattar heller ikkje skuffelsen som familien kjenner på, seier Venke.
– Anne Mette satte ord på samlivsproblem som kan oppstå når ein lever med ein veteran. Det vart tydelig kor viktig det er å ha fokus på heile familien, i samband med utanriksteneste.
Etter innlegget var det fleire av veteranane som var tilstades som fortalde Anne Mette at hennar historie gjorde at dei innsåg kva som hadde skjedd i sitt eige ekteskap, og kvifor ekteskapet hadde tatt slutt.
Opptak frå Veterankonferansen 2023 er tilgjengeleg på Forsvaret si nettside. Der kan du sjå innlegget med Herdig og Anne Mette, samt fleire andre spennande innlegg.
Er du interessert i å vite meir om RVTS Vest sitt veteranarbeid, kan du kontakte Venke A. Johansen.
Relevate ressursar:
KRISE-TV (Psykososialberedskap.no)
Veterannettside (RVTS Øst)