Først til mølla – maks 500 plassar, innhald tilgjengeleg fram til 6. mars.
Gjekk du glipp av RVTS-konferansen i desember, kan du registrere deg no – og få tilgang til materialet.
Gjennom 15 år har RVTS-ane jobba for å gjere dyktige fagfolk endå betre og styrke kompetansen om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging. I 2022 markerte vi jubileet med ein fagkonferanse 6. desember, som besto av fellessesjonar og parallelle sesjonar. Til saman 25 foredrag frå RVTS Nord, Midt, Vest, Sør og Øst.
Mange ressursar på ein plass
No legg vi til rette for at dei som ikkje kunne delta, skal få muligheten. Du får kompetanseheving frå fagfolk innan vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging – frå heile landet. I tillegg får du tilgang til Læringstorget, kor du kan sjå filmar om utvalde nettressursar, prosjekt frå kompetanse- og forskningssentre vi samarbeider med, samt kort presentasjon av RVTS-ane.