Aktuelt
17.01.23: Giftig kontroll i religiøse kontekstar
Den 17. januar arrangerer vi eit seminar med tema giftig kontroll i religiøse kontekstar.
Vi spør: Korleis skjer negativ og skadeleg kontroll i religiøse kontekstar og korleis kan vi førebygge?
Arrangementet er i regi av Vestlandsnettverket mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, som består av RVTS Vest, Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Vest politidistrikt, samt IMDI, UDI og BUFetat.
Målgruppe:
Barnevern, skule, familievern, utekontakt, politi, flyktningehelsetenester, rus/psykisk helse, BUP, DPS, samt frivillige organisasjonar, menigheter og trusamfunn.
Tid:
10.00-15.00
Stad:
Litteraturhuset i Bergen. For deg som ikkje har anledning til å delta fysisk, så kan du få med deg ein direkte streaming av arrangementet. Kryss av for digital deltaking i påmeldingsskjema.
Hovudforedragshalder:
Psykolog og imam, Alyas Karmani, Bradfort, UK.
Leiing:
Elisabeth Harnes og Babek Hosami
Opning:
Byråd Eduardo Andersen, Bergen kommune
Maks deltakarar er 100. Gratis deltaking – men bindande påmelding. Det vert servert enkel lunsj. Fremdeles mulig å melde seg på.