Aktuelt
Ledig stilling som prosjektleiar: StimuLab-prosjekt for vaksne utsett for vald
- 05/09/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Vi søkjer ein erfaren fagperson med kjennskap til prosjektarbeid, og erfaring frå arbeid med vaksne utsett for vald.
Den tilsette skal leie eit nasjonalt StimuLab-prosjekt for tiltaksutvikling i TryggEst – ein nasjonal modell for heilskapeleg oppfølging av sårbare vaksne utsett for vald.
Om stillinga
- Prosjektleiar jobbar tett på prosjekteigar (Bufdir), styringsgruppe og prosjektgruppe, og er ansvarleg for framdrift og arbeidsfordeling. Prosjektgruppa er tverrfagleg og tverretatleg samansett, med medlemmer frå NAV, kommune, Arbeids- og Velferdsdirektoratet, Barne- Ungdoms- og familiedirektoratet og Helsedirektoratet.
- Dagleg arbeidsstad er Bergen, men ein del reiseverksemd må påreknast, noko av arbeidet må gjerast ved Bufdir i Oslo.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum mastergradsnivå
- Kompetanse på arbeid i prosjekt
- Erfaring frå arbeid med vaksne
- Erfaring med digitalisering er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibilitet, og evne til å tåle usikkerhet
- Innovativ og nytenkjande
Vi tilbyr
- Tilhøyre i eit anerkjend fagmiljø
- Kultur for fagleg og personleg utvikling
- Stor fridom til å utforme innan eigne ansvarsområde
- Løn og arbeidsvilkår etter Helse Bergen sitt avtalar
RVTS Vest
Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging
RVTS Vest dekkjer fylka Rogaland og Vestland og arbeider på tvers av etatar og sektorar. Senteret har rundt 20 tilsette fordelt i tre område; “Barn og unge”, “Vaksne” og “Kommunikasjon og implementering”. Senteret skal samordne og styrkje kompetansen og kvaliteten i tenesteapparatet på tema traume og kriser, sjølvmord, vald og flyktningehelse. Senteret jobbar med konsultasjon, undervising og nettverksbygging, og senteret samarbeider med sentrale styresmakter og nasjonale fagmiljø på tema.
Bufdir
Barne- ungdoms- og familiedirektoratet
Bufdir er eit fagorgan på områda barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling, ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar. Bufdir er underlagd Barne- og familiedepartementet (BFD), og styrer Bufetat, som har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Bufdir og Bufetat skal gi barn, unge og familiar som treng det, tiltak med høy og riktig kvalitet i hele landet.