Korleis kan vi hjelpe overlevarar som har komme til Noreg som flyktningar?
Mange flyktningar har opplevd seksualisert vald før dei kom til Noreg. Det er viktig at både profesjonelle og frivillige hjelparar fangar dei opp og bidreg til at dei får den hjelpa dei treng.
RVTS’ane (Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging) har laga ei ressursside med informasjon om seksualisert vald i krig og konflikt og korleis ein kan hjelpe overlevarar. Nettsida fokuserer på arbeid med flyktningar frå Ukraina. Materialet som vert presentert kan imidlertid også nyttast i arbeid med overlevarar frå andre land.