Aktuelt
Regionalt nettverk for innsatspersonell
- 21/02/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging Veteran
![Regionalt nettverk for innsatspersonell](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2022/02/P1002648redigert-840x430.jpg)
Nyleg var det møte i det regionale nettverket for innsatspersonell, som vert leia av RVTS Vest.
Nettverket har representantar frå ei rekkje sektorar og forvaltningsnivå, i tillegg til veteranar. Desse gjer eit viktig arbeid med å styrke kompetansen innan veteranarbeid, lokalt og regionalt.
Erfaringar frå krisehandtering nasjonalt og internasjonalt
Nils Petter Reinholdt frå RVTS Øst var invitert til samlinga for å dele si erfaring frå den psykososiale oppfølginga etter leirskredet i Gjerdrum, som skjedde i desember 2020. I tillegg presenterte han eit pågåande arbeid i Ukraina, kor Folkehelseinstituttet, Sunnaas sykehus, Akershus Universitetssykehus og RVTS Øst samarbeider om å styrke sivilsamfunnet si psykososiale krisehandtering.
![](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2022/02/P1002640-1024x577.jpg)
Ole Asbjørn Fauske, som er relativt ny som president i Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO) hadde ein presentasjon av organisasjonen. I tillegg var det ein gjensidig informasjon og oppdatering om prioritering vidare innan deira organisasjon, frå alle møtedeltakarane.
Videointervju med Ole Asbjørn Fauske:
Han fortel om arbeidet til NVIO og viktigheita av arbeidet som vert gjort i det regionale nettverket for innsatspersonell.
![](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2022/02/P1002660redigert.jpg)
![](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2022/02/P1002656redigert.jpg)
![](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2022/02/P1002679redigert-1024x577.jpg)
![](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2022/02/P1002646redigert.jpg)
![](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2022/02/P1002672redigert-scaled.jpg)
![](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2022/02/P1002692redigert.jpg)
Tom Thoresen, NVIO Rogaland, arbeidsutvalg veterangruppe i Rogaland, Odd Eirik Smistad, NVIO, lokallag (Bergen), Terje Sæterbø, veteranalliansen, Bergen, Ole-Asbjørn Fauske, NVIO, Rune Tjøsvold, Bergen kommune, Kristin Runar, Forsvarets veterantjeneste (FVT), Herdis Stokknes, Bufetat, Jarle Bjørke, Politiet, Vest politidistrikt, Nils-Petter Hauge, Stryn kommune, Sylvi Fiskerstrand, Kronstad DPS/RVTS Vest, Geir Olsen, RVTS Vest, Venke A. Johansen, RVTS Vest.
![](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2021/04/Venke_ute.jpg)