Aktuelt
Leik er den beste traumeterapeut!
- 14/12/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn omsorgssvikt Psykisk helse Video
Veit du at leik er ei heilt unik form for traumeterapi?
Forskning fortel at leik er ein tilstand som bygger opp barn, ein tilstand av «lekenhet», som det motsette av depresjon. Leik er ein mental tilstand. Ein aktivitet som gir glede og ei kjensle av tid. Leik er også sjølvmotiverande og gir barnet lyst til å gjenta det. Leik er ikkje tøys og tull, det er ramme alvor.
Ikkje tenk at leik skjer innimellom det viktige arbeidet du planlegg. Leik ER det viktig arbeidet. I leik med andre barn, der lyst og smil er drivkrafta, arbeider hjernen som den aller beste traumeterapeut.
Alt DU treng å gjera, er å få barn som ikkje leiker, inn i leik og setja av nok tid kvar dag slik at barnet får denne gode opplevinga.
Kva skjer når eit barn leikar?
Når barn leikar skjer det ei avkobling og ei påkobling. Avkobling skjer når den delen av hjernen som evaluerer oss, blir skrudd av. Den delen som seier «no ser du dum ut» eller «han likar ikkje deg”. Denne funksjonen er i seg sjølv uvurderleg for barn.
Når barnet blir oppslukt av øyeblikket, engasjert av kontakten med dei andre og opplever velbehag og glede, skjer det ei påkobling. Er ikkje dette fint å tenkja på? Du kan sikra at barn som har opplevd belastningar og traume får leika, gjennom å la alle leika.
Leit etter øyeblikk
Når barn er i ein tilstand av trygg leik er dei på et mentalt nivå kor dei har mulighet til å utvikla nye tanke- føle- og handlemønstre. Tilstanden leik inneheld engasjement, konsentrasjon, opplevelse av velbehag, og lyst til å gjenta det. Dette er dei øyeblikka ein bør styrke.
Leit etter slike øyeblikk.
Å opplevepositive kjensler som trygghet, glede og hengivenhet, skapar eit hav av muligheiter. Då kan hjernen reparere vanskelege opplevingar som sit i kroppen til barnet. Det dei ofte ikkje kan setje ord på.
Leik er som ein dans der tanken får fri, og flyten får styra.
Ynskjer du å bidra til positiv forandring hos barn som har levd vanskelige liv?
Leik er den beste traumeterapeut!