Aktuelt
Bruke snakkemedbarn.no i undervisning eller som ledd i kompetanseheving på egen arbeidsplass?
- 29/10/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
17. februar arrangerer vi digital samling for fagpersonar som ønsker auka kunnskap om undervisningsmuligheitene som ligg i nettportalen snakkemedbarn.no.
Mange har tidlegare delteke på innføringskurs om barnesamtalar, knytt til nettsida snakkemedbarn.no, og samlinga 17. februar er eit tilbod til fagpersonar som i sin undervisning underviser om samtalar med barn og som tidlegare har deltekepå grunnkurs om nettsida snakkemedbarn.no. Samlinga vert arrangert i Teams og vi legg til rette for spørsmål, dialog og erfaringsutveksling.
På samlinga vil vi:
- Gjere djupdykk i nettsida snakkemedbarn.no
- Gjennomgå opplæringsressursane som ligg på nettsida
- Dele erfaringar knytt til undervisning med bruk av nettsida
- Utveksle idear knytt til kompetanseheving, implementering og muligheiter
- Bli kjent med andre som er opptekne av tema
- Kunne bli ein snakkefadder 🙂
Målgruppe:
Tilsette i alle tenester som jobbar med barn og unge i Vestland og Rogaland, f.eks. skule, barnehage, kommunehelseteneste, barnevern og spesialisthelseteneste. Fagdagen er eit tilbod til alle som kjenner snakkemedbarn.no, eller på andre måtar er trygge på samtalar med barn. Fagpersonar i andre regionar vil ha mulighet til å delta på snakkefaddersamlingar i eigen region.
Forelesarar:
Linda Kvalvik, barnevernspedagog, RVTS Vest
Steinar Hvål, psykologspesialist, RVTS Vest
Tid:
Torsdag 17. februar kl 12.00 til 15.30
Stad:
Teams