Aktuelt
Alternativ til Vold, Stavanger og RVTS Vest ønsker velkommen til todagers kursleiarkurs i metoden «Bryt Voldsarven – Foreldreforberedelser mot vold».
Kursa vert arrangert i Bergen 15. – 16. september og i Førde 22. – 23. september.
Det har lenge vore fokus på tidleg avdekking av vald mot barn. Mange spør; Kva tilbod har vi til foreldre som nettopp ønsker å bryte “voldsarven”? Denne opplæringa vil gi deg kompetanse til å drive kurset “Foreldreforberedelser mot Vold» for foreldre som har vore utsett for vald i sin oppvekst, og som er bekymra for om dei vil bli som sine foreldre.
– Vi har hatt mykje undervisning om å avdekke vald og overgrep mot barn tidleg, blant anna gjennom opplæringsprogrammet Tidlig Inn. Det seier barnevernpedagog Linda Kvalvik og psykologspesialist Cathrine Eide frå RVTS Vest. I tillegg til at dei er med å arrangere kurset gjennom RVTS Vest, skal dei også sjølve ta kursleiarkurset. – Foreldreforberedelser mot vold er eit unikt og godt tilbod til tenestene og kommunane, som kan vere med å forebygge vald tidleg, før skaden har skjedd.
– For å sikre god implementering, er det eit ønske at to til fire personar frå kvar teneste/kommune, eventuelt kan ein samarbeide med andre tenester eller kommunar, seier Linda og Cathrine.
Høyr Randi Mossefinn snakke om kurset.
Er du interessert, kontakt:
Randi Mossefinn: mob nr: 45833951 randi@atv-stiftelsen.no
Elise Søreide: mob nr 453 97 957 elise@atv-stiftelsen.no
Informasjonsbrev frå ATV og skjema for å melde interesse:
Til deg som vil delta på kurset
Til Virksomhetsledere og enhetsledere i kommunene
Kurset har plassbegrensning, og vi vil tildele plass i slutten av juni. Tjenester/kommuner med flere deltakere vil bli prioritert. Arrangemenet er fysisk og koster 300,-.