Aktuelt
Ung, kriminell og utnytta
- 26/05/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Menneskehandel Psykisk helse Unge
Den 12. oktober arrangerere RVTS eit nasjonalt nettseminar om ungdom utnytta til kriminalitet.
Det er mykje fokus på ungdom som er involvert i kriminalitet, særleg i samband med narkotika- og gjengkriminalitet. Det er uttrykt bekymring for at sårbar ungdom som fell utanfor skulesystemet eller veks opp i fattigdom vert rekruttert til å vere “løpegutar” for kriminelle nettverk innan narkotikakriminalitet, blant anna i politiets trugselvurdering for 2021.
I Noreg har det hittil vore mest fokus på mindreårige migrantar i samband med menneskehandel, der barn og unge har blitt utnytta til blant anna butikk- og lommetjuveri, samt sal av narkotika. RVTSane ønsker å sjå på ungdomskriminaliteten i Noreg i eit menneskehandelperspektiv, og inviterer derfor til eit nasjonalt nettseminar om dette 12. oktober 2021.
Vi vil sjå nærmare på situasjonen i Noreg og andre europeiske land, og undersøke korleis det å sjå på ungdomskriminalitet i eit menneskehandelperspektiv kan bidra til god forebygging og riktig hjelp til ungdom involvert i kriminalitet.
Målgruppe for seminaret:
Alle som jobbar med sårbar ungdom og ungdom involvert i kriminalitet (SLT, politi, barnevern, utekontaktar, helsetenesta, skuletilsette, asylmottak, flyktningtenesta, frivillige organisasjonar m.m.).
Forelesarar og program kjem, men det er ope for påmelding.
Seminaret vert arrangert av RVTS. Det vil bli arrangert regionale samlingar i tilknytning til det nasjonale seminaret. Informasjon om dette vil etter bli lagt ut på nettsidene til dei ulike RVTSane.
For mer informasjon om de regionale samlingene, kontakt RVTS i din region:
RVTS Nord: Kirsten Eriksen (Kirsten.Eriksen@unn.no)
RVTS Midt: Merethe Garnes Hellen (merethe.garnes.hellen@stolav.no)
RVTS Vest: May-Irene Wergeland (may-irene.wergeland@helse-bergen.no)
RVTS Sør: Pernille Lavoll Baade (pernille.lavoll.baade@rvtssor.no)
RVTS Øst: Line Ruud Vollebæk (line.vollebaek@rvtsost.no)