Aktuelt
Nasjonal nettressurs om krisearbeid
- 15/04/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Korona Kriser Kunnskapsportal Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging Ressurs på nett Verktøykassen
Fagfolk og frivillige som jobbar med krise- og katastrofehandtering, treng kunnskap, øving og nokon å rådføre seg med. Derfor lanserer RVTS no psykososialberedskap.no som ein nasjonal ressurs.
Pandemien har vart i over 1 år, og vi veit at den har ført til nye utfordringar og høg stressbelastning, blant anna for tilsette i helsevesenet og hjelpeapparatet. Situasjonen er utfordrande og stiller høge krav til både leiarar og medarbeidarar.
«Verktøykasse»
På psykososialberedskap.no kan du blant anna finne informasjon om pandemi, krisereaksjonar, stressmeistring, sjølvmordsforebygging, med forslag til aktiv oppfølging av både barn og vaksne.
Nettressursen er ein «verktøykasse» som primært skal nyttast av hjelparar og leiarar til å ivareta psykososial oppfølging ved kriser, ulykker og katastrofar. Du får lett tilgang på praktiske råd, filmar, undervisningsmateriell, artiklar og bakgrunnsstoff (rapportar, rettleiarar m.m.) om aktuelle tema om kriser og katastrofar. Utfordringar knytt til pandemien er godt ivareteke. Innhaldet på nettressursen vil bli supplert og oppdatert, og vere aktuell uavhengig av kor du bor i Noreg.
Målgrupper
Hensikten med psykososialberedskap.no er å tilby god, konkret informasjon og rettleiing til kommunar, kriseteam, spesialisthelsetenesta og ulike formar for hjelpepersonell, frivillige, tilsette i skular og barnehagar, samt andre som arbeider tett på kriser og katastrofar.
Oppfordrar til å registrere deg som brukar
Venke A. Johansen er RVTS Vest sin fagperson i redaksjonsgruppa for psyksososialberedskap.no
– Eg anbefaler at du som jobbar med kriseoppfølging registrerer deg på nettsida. Ved å registrere deg som hjelper kan du få nyhetsbrev og tilsendt informasjon om relevante kurs og aktivitetar. Dersom du er registrert som leder vil du i tillegg få tilgang på eiga kunnskapsmateriale direkte retta mot leiarar.
Her kan du registrere deg: https://www.psykososialberedskap.no/registrer-bruker/
Spørsmål om psykososialt arbeid ved RVTS Vest?
Våre kontaktpersonar:
Seniorrådgjevar Venke A. Johansen, venke.a.johansen@helse-bergen.no
Spesialkonsulent Gudrun Austad, gudrun.austad@helse-bergen.no
Psykolog Reidar Thyholdt, reidar.thyholdt@helse-bergen.no