Aktuelt
Relansering av flyktning.net
- 02/02/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Enslig mindreårige Flyktninghelse Integrering Kultursensitiv Kunnskapsportal Nettressurs Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging Ressurs på nett Traume Utenforskap
Flyktning.net er ein ressursportal om psykososialt arbeid med asylsøkjarar og flyktningar.
På portalen finn ein mykje fagstoff som er relevant for alle som møter asylsøkjarar og flyktningar i sitt arbeid eller som frivilleg. Den kan også være nyttig i møte med andre traumatiserte menneske i vanskelege livssituasjonar.
I samband med auka asylankomstar hausten 2015 fekk RVTS i oppdrag av Helsedirektoratet å utvikle ei nettside om psykososial oppfølging av asylsøkjarar og flyktningar. Elisabeth Harnes og Patrick O’ Loughlin har sidan oppstart vore RVTS Vest sine representantar i den nasjonale prosjektgruppa som vert koordinert av RVTS Nord.
– Asylsøkjarar og flyktningar lever under spesielle livsbetingingar, og kunnskap om dette er avgjerande for å gi god hjelp. Det siste året har vi jobba med vidareutvikling av nettressursen med målsetning om auka brukarvenlegheit. Blant anna har vi lagt inn nye ressursar og fagstoff, betra søkefunksjonen og gjort justeringar på struktur og design, seier Elisabeth og Patrick.
– På forsida blir du møtt med ei ny illustrasjon som symboliserer menneske på flukt. Illustrasjonen koplar saman flyktningar si reise og psykososial oppfølging med mål om å synleggjere at begge tema handlar om det psykososiale; psykososiale forhold og psykososial oppfølging, seier Elisabeth.
– Flyktningefeltet er prega av store svingningar, sterke og polariserte meiningar og lite forutsigbarheit. Det er difor viktig med eit kompetent hjelpeapparat som fokuserer på størst mogeleg tryggleik for menneske i ein sårbar livssituasjon. Ustabiliteten i feltet skapar utfordringar for hjelpeapparatet med tanke på å oppretthalde nødvendig kompetanse. Vår målsetting er at alle som møter asylsøkjarar og flyktningar i sitt arbeid eller som frivillig, kan finne relevant informasjon i flyktning.net, seier Elisabeth og Patrick.
Portalens oppbygning
– Hovedfokus i Flyktning.net handlar om det særegne ved å vere flyktning; flyktningrelaterte erfaringar, livsbetingingar og hjelpebehov. Dette er beskrevet i flyktningers reise, samt i kapittel om kommunikasjon, rettigheter og psykososial oppfølging.
– Det er også mange andre forhold som kan berøre enkelte flyktningar og asylsøkjarar sitt liv, men som ikkje primært handlar om å vere ein flyktning. Eit avgrensa utval av slikt fagstoff er samla under relaterte tema.
– Under materiell og nettsteder har vi samlet filmar, manualar, undervisnings- og sjølvhjelpsmateriell som også finnast elles i portalen. Her er også ei oversikt over fleire aktuelle nettsider som kan vere til hjelp for å finne informasjon, avsluttar Elisabeth og Patrick.
Arbeidsgruppa er spent på korleis målgruppa opplever bruken av nye flyktning.net, og oppmodar difor til å gi respons. Tilbakemeldingar på brukarvenlegheit eller forslag til ressursar som burde vore representert i flyktning.net kan sendast inn via kontaktskjema.