Aktuelt
Digitaliseringshausten 2020
- 22/12/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Korona Psykisk helse
Denne hausten har vi verkeleg fått svinga oss når det gjeld vårt digitaliseringsarbeid.
Som for mange andre, har koronapandemien ført til at digitaliseringsarbeidet har fått ein oppsving. Å gjere delar av våre tenester tilgjengeleg digitalt har lenge vore eit fokus, men pandemien har gitt arbeidet eit realt “spark bak”.
Å reise rundt i regionen og møte fagfolk har vore eit sakn for mange ved senteret, då det å møte folk, drive samarbeid og undervisning, er noko som gjev mykje glede og arbeidslyst.
Samstundes ser vi at den digitale undervisninga gjer at vi når svært mange fagfolk – noko som har ført til mykje kreativitet og digital formidlingslyst blant dei tilsette ved senteret. Vi ser òg at mange av våre tenester vert etterspurt digitalt, som til dømes fagdagar om sjølvmordsførebygging hos barn og unge og samtalar med barn og unge om vald og seksuelle overgrep. Begge desse temaområda har vi hatt digitale fagdagar om i samarbeid med Fylkesmannnen i Vestland.
I tillegg har vi hatt mange digitale arrangement i samarbeid med tenester eller andre organisasjonar denne hausten. Til dømes vidareutdanning i sensorimotorisk psykoterapi, Mentoropplæring i arbeid med forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme og Kriseteamskulen.
Til våren arrangerer vi fleire digitale arrangement:
20. – 21.01: Kurs i AIM 3
05.02: Grunnleggande kunnskap om bekymringsfull seksuell atferd hos barn og unge
11.02: AIM3 Conversion-kurs
19.02: Kartleggingsverktøyet PROFESOR
24.02: Samtalar med barn og unge
25.02: Kriseteamskulen – basisdag 2 (Meir informasjon og påmelding kjem)
11.05: Kriseteamskulen – basisdag 3 (Meir informasjon og påmelding kjem)
Med det ønsker vi ei riktig god jul, og eit godt nytt år. Vi ser fram til både fysiske og digitale møte i 2021.