Aktuelt
Folkeopplysningskampanje: Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv
- 02/12/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Korona Nettressurs Psykisk helse Ressurs på nett Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar
«Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv». Det er ikkje så viktig korleis du spør. Det viktigaste er at du gjer det.
Folkeopplysningskampanjen har blitt ytterlegare aktualisert i samband med koronapandemien, då det er rapportert om auka symptom på angst og depresjon, einsemd, isolasjon og passivitet i befolkninga. Mange opplever at det er tungt å leve under ein pandemi.
I Helse Vest sin lanseringssak om kampanjen, seier assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF, Ola Jøsendal, at det derfor er viktig å synleggjere kva hjelpetilbod som finst i kommunar, frivillige organisasjonar med hjelpetelefonar, og i spesialisthelsetenesta. Helse Vest har også lansert psykologbehandling via internett (eMeistring) i heile regionen, med kort ventetid. I tillegg finst det fleire gode sjølvhjelpsverktøy.
På nettstaden helse-vest.no/selvmord er det lenkjer til mange gode nettsider, tips og råd om kor det er hjelp å få, mellom anna telefonnummer til hjelpetelefonar.
RVTS Vest er med i samarbeidet om kampanjen, saman med helseføretaka i regionen, regionalt brukarutval, samt Nasjonalt senter for selvmordsforskning og – forebygging (NSSF).
Ressursar:
Les lanseringssak på Helse Vest si nettside.
Kampanjeside
Veilder for kommunane til utarbeiding av handlingsplan om forebygging av sjølvmord og sjølvskading