Aktuelt
To nye ansikt ved RVTS Vest
- 13/11/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn Førebygging omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Rus Skole Vold
F.v: Beate Gauden (Foto: Sigbjørn Linga) og Eva M. Mørch
Denne hausten har vi fått to nye medarbeidarar; Eva Marina Mørch og Beate Gauden.
Begge har lang fartstid innanfor sine fagfelt. Erfaringane dei har med seg vil vere til stor verdi for både fagutvikling og undervisning ved RVTS Vest.
Eva Mørch
Eva Mørch er psykologspesialist, har mangeårig erfaring med arbeid med barn og ungdom i psykisk helsevern, samt rus- og avhengnadsproblematikk. I tillegg underviser ho i verktøy for utreiing og behandling av skadeleg seksuell åtferd hos ungdom.
Hos RVTS Vest er Eva regional koordinator for prosjektet Kompetanseutvkling Rus & Vold.
Kompetanseutvikling Rus & Vold er eit landsdekkande prosjekt, kor alle RVTS’ane samarbeider med KoRus’ane om å utvikle ei tverrfagleg undervisning om rus og vald. Målet er å iverata personar med problem knytt til både rus- og vald, slik at dei ikkje skal falle gjennom “mellomromma” i systemet, og at tenestene skal få betre fagleg grunnlag for samhandling.
– Det ønsker vi å få til gjennom å utvikle kunnskapsmodular som kan tilpassast behova i primær- og spesialisthelsetenesta, både innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling, seier Eva.
Kva ligg bak våre handlingar?
Eva fortel at ho er oppteken av kunnskap om korleis og kvifor menneske handlar som dei gjer.
– Eg brenn for å forstå kva som er drivande for ulike uttrykk, også når uttrykka kjem i form av rus, fysisk eller seksuell vald. Typiske reaksjonar frå omverda på slike typar åtferd er straff, stigmatisering og tausheit.
– Korleis påverkar desse reaksjonsformane evna til avhold frå åtferda, ny læring som skal hindre gjentaking, og forsoning i dei tilfella kor den som er utsatt ønskjer det?, spør Eva.
Beate Gauden
Beate Gauden er utdanna innan spesialpedagogikk og leiing, og har mange års erfaring i arbeid med barn. Ho kjem frå ei brei kommunal bakgrunn som blant anna PPT-leiar, leiar for barnehage og skule i Kvam herad, prosjektleiar i regionalt kommunesamarbeid kring barn/unge og som kurshaldar.
Kva er ditt hovudfokus ved RVTS Vest?
– I RVTS Vest er eg oppteken av systemarbeid. Det vil seie å ikkje berre jobbe ad-hoc, men tenkje langsiktig og ivareta brukarar i heile region Vest, ikkje berre dei som etterspør våre tenester, svarar ho.
– Hovudfokus er barn og unge i barnehage og skule, og deira vaksenpersonar. Eg skal bidra med kompetanseheving innan traumebevisst omsorg, førebygging, vald og overgrep til kommunane, samt konsultasjonar og utvikling av undervisning som er lett tilgjengeleg for tilsette i til dømes barnehage og skule.
Magien ligg i relasjonar
Når vi spør kva ho brenn for, viser ho til kontakten med andre menneske:
– Magien, sårbarheita og styrken som ligg i relasjonen. Dersom vi vil gje hjelp til eit barn som har det vanskeleg, er det klokast at dei som er rundt barnet forstår barnet sine åtferds-uttrykk som noko meir enn at dei slår, er sinte, urolege eller passive. Eit barn som er mykje sint kan vere eit barn som er utsett for vald eller overgrep. Dei treng vaksne i barnehage/skule og hjelpetenester, som byggjer relasjon, tillit og tryggleik, slik at dei kan tørre å setje ord på det som er vanskeleg.
Gauden er entusiastisk når det gjeld det å byggje ut kurs og undervise, særleg innan prosjekta som har med barn å gjere.
Lyspunkt frå heimekontor
Mørch og Gauden stråler av engasjement sjølv om kvardagen inneber kohortgrupper og heimekontor.
Med tanke på pandemien, korleis har dykk opplevd å starte i ny jobb her?
– Å starte ved RVTS Vest har etter ein månad vore ei glede! Eg fekk heldigvis delta på reise ut til nokre skular første veka. Covid-19 gjer at vi må arbeide på heimekontor, men vi har mykje kontakt med dei vi samarbeider mest med, og alle er tilgjengeleg digitalt for samarbeid og faglege drøftingar, seier Beate.
– For meg som nytilsett betyr denne situasjonen at eg truleg får meir tid til fagleg fordjuping no i oppstarten, noko som verkar som ein god inngang til mitt nye arbeid.
– Eg opplever å ha blitt veldig godt tatt imot ved RVTS vest, trass i færre møtepunkt enn det vanlegvis er, seier Eva. – Det har vore spennande å bli kjent med andre prosjekt og temaområde som senteret jobbar med.
– Senteret jobbar no intenst med digitalisering og sjølv om det kan vere slitsomt å tilpasse seg nye forhold, så ligg det utvilsomt mykje god utvikling i det også, seier Eva.
Vi er glade for å ha dei to med på laget!