Med regjeringa sin nye handlingsplan for forebygging av sjølvmord vert det innført ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg.
Ein nullvisjon er ei forplikting om å jobbe ut frå at vi ikkje har nokon å miste, står det på regjeringa si nettside. Nullvisjonen skal gjelde for heile samfunnet, fordi arbeidet for å forebygge sjølvmord hører heime i alle sektorar.
Tiltaka i handlingsplanen skal bidra til betre forebygging og meir systematikk i arbeidet med sjølvmord, tidleg og god hjelp for personar i sjølvmordsrisiko, betre hjelp til etterlatte etter sjølvmord og auka forskning, kunnskap og kompetanse om sjølvmordsforebygging.