Aktuelt
Oppstart av kriseteamskulen – haust 2020
- 04/09/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kriser kriseteamskulen Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging
Kriseteamskulen er RVTS Vest sin kompetansebygging for kriseteama i vår region.
Vi har oppstart av nye basisdagar i haust.
“Basisdag 1: Drift av kriseteamet” vert arrangert 27. november som eit webinar. Vi tek sikte på å arrangere dei øvrige basisdagane med fysisk oppmøte dersom mogeleg. I så tilfelle vert desse arrangert i Stavanger, Haugesund, Bergen og Skei. Informasjon vert publisert når datoar er klare.
Kriseteamskulen skal gi kunnskap om traumatisering og psykososial førstehjelp, saman med fordjupning i spesifikke tema som er typiske for kriseteama sitt arbeid, til dømes organisering av teama, arbeid etter sjølvmord, kriseteamet sitt arbeid i saker kor barn er råka og saker der fleirkulturelle personar er råka.
Målgruppe er helse- og sosialpersonell, tilsette i skule og barnehage, samt naud-og anna innsatspersonell. Også prestar og andre representantar for religiøse eller humanitære organisasjonar er aktuelle deltakarar.
Program kriseteamskulen, basisdag 1: Drift av kriseteamet | |
10:00 – 11:00 | Kort velkommen Drift av kriseteamet, sammensetning, forberedelser, type saker? v/ Gudrun Austad |
11:15 – 12:00 | Teamets oppgaver og rolle Beredskapskoffert, dokumentasjon, evakuerte- og pårørendesenter, øvelser v/ Reidar Thyholdt |
12:00 -12:45 | Spisepause |
12:45 -14:00 | Gruppediskusjoner, spørsmål og svar i plenum |
Førelesarar
Reidar Thyholdt, psykolog, RVTS Vest
Gudrun Austad, psykiatrisk sjukepleiar, RVTS Vest
Lenke for pålogging til webinaret, samt aktuelle dokument vert tilsendt på førehand. Kriseteamskulen i webinarformat er utan avgift. Påmeldingsfrist: 13. november 2020.