Aktuelt
Det finnes hjelp
- 01/09/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kunnskapsportal Nettressurs Overgrep Psykisk helse Ressurs på nett Ressurser for avdekking av seksuelle overgrep Seksuelle overgrep
Foto: Burst / Pexels
Eit nytt hjelpetilbod skal hindre seksuelle overgrep mot barn, ved å nå ut til personar som står i fare for å begå overgrep.
Helsedirektoratet har utvikla ei digital lågterskelteneste og eit helheitleg behandlingstilbod til vaksne frå 18 år som står i fare for å begå seksuelle overgrep mot barn eller har seksuell interesse for barn.
Målet med tenesta er å forebygge seksuelle overgrep mot barn. Arbeidet er gjort i samarbeid med helsetenestene, nasjonale og internasjonale fagmiljø og brukarrepresentantar.
Tenesta heiter Det finnes hjelp og består av:
- detfinneshjelp.no – ei nettside med informasjon og chat kor ein kan ta kontakt med lågterskeltenesta, utan å oppgi kven man er
- ei nasjonal lågterskelteneste med helsepersonell som betener chatten, kor dei gir generelle råd og rettleiing og tek imot bestilling av time til behandling
- eit behandlingstilbod i poliklinikk i alle helseregionar
- kampanjer og kommunikasjonstiltak med informasjon om tenestetilbodet
Behandling
Behandlingstilbod i poliklinikk skal etablerast i alle helseregionar. Frå august 2020 tilbys behandling gjennom Spesialpoliklinisk enhet ved Oslo Universitetssykehus og Mobilt Innsatsteam ved Helse Stavanger. Frå 1. september 2020 starter Helse Bergen opp ved Kronstad DPS. Dei to helseregionane vil saman ha eit nasjonalt tilbod fram til det i 2021 vert etablert tilbod også i Helse Nord og Helse Midt-Norge.
Dei som tek kontakt med lågterskeltenesta kan få tilbod om behandling i poliklinikk, for å handtere seksuelle tankar og kjensler for barn, endre tankemønstre og redusere risiko for å begå overgrep. Time til behandling i poliklinikk vert gjeve utan henvisning frå fastlege eller andre, men forutset at personen oppgir navn og personnummer. Personer kan også ta direkte kontakt med poliklinikkane som har dette behandlingstilbodet for timebestilling, utan å gå via lågterskeltenesta eller fastlegen.
Målgruppe
Målgruppa er personar med seksuell interesse for barn og som sjølv opplever at dei står i fare for å begå overgrep mot barn. Primærmålgruppaer personar som ikkje har begått overgrep, men alle som tek kontakt vil få tilbod om hjelp. Sekundærmålgruppa for lågterskeltenesta er pårørande, anna helsepersonell og fagfolk. Desse vert tilbudt generell informasjon og rettleiing.
Bakgrunn
I 2017 lanserte Redd Barna rapporten “Hjelpelinje for personer med seksuelle følelser for barn”. Dei konkluderte med at Noreg treng et hjelpetilbod for personar som har seksuelle kjensler for barn, for å forebygge overgrep. Liknande hjelpetenester for målgruppa eksisterer i Sverige, Danmark, Storbritannina, Nederland og Tyskland. New Zealand startar opp eit tilbod i 2020.
Gå til nettsida
Kjelde: Helsedirektoratet