Aktuelt
Forebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald i eigne miljø
- 14/08/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Helseskadelege tradisjonar Korona Psykisk helse Sosial kontroll Tvangsekteskap Vold Vold i nære relasjoner
Foto: Abdullahi Ibrahim, TUSMO
I fjor utdanna organisasjonen TUSMO Association sitt første kull med unge mentorar.
Dei unge mentorane har mandat om å jobbe med forebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, primært i sine miljø. Denne veka medvirka RVTS Vest på deira første nettverkssamling, leia av Abdullahi Ibrahim, TUSMO.
– Koronapandemien har ført til at livet har blitt endå meir utfordrande for mange, og fleire kjenner på einsemd knytt til psykiske, sosiale og krysskulturelle utfordringar. Her kan TUSMO sine mentorar spele ei viktig forebyggande rolle innad i sine miljø, seier Elisabeth Harnes frå RVTS Vest. – Fleire fortel at mentoropplæringa, tilgang til rettleiing og henvisningskompetanse har gjort at dei kjenner seg tryggare i rolla som hjelpar.
Utover erfaringsutveksling var temaet for samlinga: Korleis jobbe miljøterapeutisk, og korleis kommunisere på ein måte som fremjer og aktiverer indre motivasjon og endring.
Innleiarar og fasilitatorar var Abdikarim Ali, NAV Årstad og Elisabeth Harnes, RVTS Vest.
Neste helg startar TUSMO Association, i samarbeid med RVTS Vest, ei ny mentoropplæring for unge vaksne i diasporamiljø i arbeidet med negativ sosial kontroll og æresrelatert vold. Opplæringa har nasjonalt nedslagsfelt.
Er du interessert i dette arbeidet, kontakt Elisabeth Harnes.