Aktuelt
Barn og unge som etterlatte etter sjøvmord
- 22/06/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Barn etterlatte Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Traume
26. – 27. november arrangerer vi kurs om barn og unge som etterlatte etter sjølvmord i Florø.
Når eit sjølvmord skjer synast mange at det er vanskeleg å møte dei etterlatte. Dei veit ikke kva dei skal seie eller korleis dei skal snakke med dei. Endå større utfordringar er det i møtet med barn og unge som har mista nære i sjølvmord; Det visar seg at ofte får ikkje barnet eller ungdommen den hjelpa dei treng fordi ingen vågar å snakke med dei om det som har skjedd.
Vi arrangerer eit to-dagars kurs som kan hjelpe dei som jobbar med barn og unge til å møte desse på ein god måte. Kurset gir også ei forståing av kva som er spesielt med sorgen barnet eller ungdommen opplever når dei er etterlatte etter sjølvmord.
Tema er:
• “Vanlig sorg” og det spesielle ved å vere etterlatt etter sjølvmord
• Utfordringar i familien etter sjølvmord
• Korleis sørger barn?
• Vanlege reaksjonar hos barn og unge som etterlatte
• Skulevanskar
• Forhold til vener
• Modning og vekst
• Samtalar med barn og unge