Aktuelt
Hausten 2019 avslutta vi eit endringsagentkurs for ungdom.
Ungdommane har delteke på kurs to timar i veka i seks veker.
– På kurset lærer ungdommane om tema som er tabubelagte og dei får meir kunnskap om tradisjonar som er skadelege og til hinder for god fysisk og psykisk helse, seier Chiku Ali som er ansvarleg for kurset. – Denne kunnskapen tar dei med seg inn i sine miljø, kor dei fungerer som agentar med moglegheit for å endre haldningar. Tema som vert diskutert er blant anna forebygging av tidleg ekteskap og tvangsekteskap, positiv og negativ sosial kontroll, omskjæring av jentebarn, seksualitet i eit minoritetsperspektiv, vald i nære relasjonar, omsorg, barneoppdragelse og Barnevernlova.
– Ungdommane vert kjent med at Noreg har lovar som sørger for beskyttelse mot kjønnsdiskriminering, diskriminering på grunn av seksuell legning, tidleg ekteskap og tvangsekteskap, negativ sosial kontroll etc.
– Det er viktig at ungdom har kunnskap om desse temaene og at dei har kjennskap til kva rettar dei har. Ungdom som er ferdig sertifiserte endringsagentar vil kunne fortelje jevnaldra kva dei har lært, noko som kan bidra til å forebygge og på sikt avskaffe kulturelle og tradisjonelle praksisar som påvirkar helsa negativt, seier Chiku.
Viktig å skape ein god relasjon
– For meg er det viktig å skape ein god relasjon til ungdommane. Eg som kursleiar stiller ikke opp som “eksperten”. Eg gir ikkje instruksar, men legg til rette for ein levande diskusjon. Det er ungdommane sjølv som kjem med utfordringar og løysingar, dei er ikkje passive mottakarar. Dette er noko dei set pris på, for då kjenner dei seg trygge og sett. Det er denne tilnærminga som bryter avstanden mellom meg som vaksen og ungdommane. Det opnar for ei aktiv deltaking som kan fører til positive og sunne endringar.
Dette er første gongen Chiku arrangerer eit endringsagentkurs for ungdommar. Chiku har hatt fleire endringsagentkurs, men tidlegare har det berre vore for kvinner – med fokus på forebygging av kjønnslemlesting.
Nøgde deltakarar
Ungdommane er samde om at kurset har vore både lærerikt og meiningsfullt.
– Dette har vore eit ganske lærerikt kurs, seier Balqiis Nouradin Abdo. – Eg har fått meir kunnskap om viktige problem som vi har i både Noreg og utanfor. Chiku lærte vekk på ein respektfull måte som gjorde at eg kjende meg komfortabel i alt det var snakk om i dei seks vekene. Vi fekk gode svar på spørsmål vi har stilt lenge. Dette er noko eg kan ha med meg vidare for å gi andre kunnskap, seier Balqiis.
– Eg hadde ei bra oppleving, kor eg fekk lært mykje om andre folk, seier Gaid Nouradin Abdo. – Vi fekk lære om korleis ulike land tenker om temaene vi har vore gjennom.
– Kurset har vore kunnskapsrikt og gøy, synes Sumayo Abukar. – Eg lærte mykje nytt, og eg likte måten kurset var satt opp på. Chiku snakkar på en veldig god og forståeleg måte. Ho passar på at alle er inkludert og at alle får seie si meining. Ho har mykje kunnskap om det ho snakkar om. Eg kjende at ho var veldig interessert i kva vi har opplevd og korleis vi føler om dei ulike temaene.
Naaim Nouradin Abdo synes at kurset var både lærerikt og meiningsfullt. – Eg lærte mykje nytt frå Chiku som eg ikkje visste frå før. Eg likte eksempla ho brukte for å gjere det meir forståeleg. Måten ho snakka om dei ulike temaene og at ho inkluderte oss ved å spørre spørsmål, gjorde kurset ekstra interessant.