Aktuelt
Barn og unge som etterlatte etter sjølvmord
- 03/02/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Barn barnesamtalen etterlatte Førebygging Kriser Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Traume Unge
28. – 29. april i Florø arrangerer vi kurs om barn og unge som etterlatte etter sjølvmord.
Når eit sjølvmord skjer synast mange at det er vanskeleg å møte dei etterlatte.
Dei veit ikke kva dei skal seie eller korleis dei skal snakke med dei. Endå større utfordringar er det i møtet med barn og unge som har mista nære i sjølvmord; Det visar seg at ofte får ikkje barnet eller ungdommen den hjelpa dei treng fordi ingen vågar å snakke med dei om det som har skjedd.
Vi arrangerer eit to-dagars kurs som kan hjelpe dei som jobbar med barn og unge til å møte desse på ein god måte. Kurset gir også ei forståing av kva som er spesielt med sorgen barnet eller ungdommen opplever når dei er etterlatte etter sjølvmord.
Tema er:
• ”Vanlig sorg” og det spesielle ved å vere etterlatt etter sjølvmord
• Utfordringar i familien etter sjølvmord
• Korleis sørger barn?
• Vanlege reaksjonar hos barn og unge som etterlatte
• Skulevanskar
• Forhold til vener
• Modning og vekst
• Samtalar med barn og unge
Frist: 14. april 2020