Aktuelt
Tidleg oppdaging av utsette barn og unge
- 04/12/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn barnesamtalen Bedre tverrfaglig innsats BTI Kommunen sitt arbeid med forebygging av vald Nettressurs omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Ressurs på nett Ressurser for avdekking av seksuelle overgrep Seksuelle overgrep Tidlig innsats Traume Traumebevisst Traumebevisst omsorg Vold Vold i nære relasjoner
Foto: Alexander Dummer; Unsplash
Ny nasjonal fagleg retningslinje for tidleg oppdaging av utsette barn og unge.
Målet med retningslinja er å styrke oppdagar- og handlingskompetansen hos leiarar og tilsette i kommunen. Den rettar seg mot alle barn og unge, med mål om å nå dei utsette.
Arbeidet med retningslinja har hatt ei brei samansett referansegruppe med representantar frå brukarar, kommunar, kompetanse- og forskningsmiljø for å sikre ei god forankring. RVTS Vest er eitt av kompetansesentra som har bidrege med faglege råd.
– Vi veit at det er mange born og unge som lever med vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt, seier Linda Kvalvik frå RVTS Vest. – Det er avgjerande at tilsette i alle tenester som møter barn og unge, både har kunnskap om korleis dette kan kome til uttrykk, men ikkje minst tryggleik til å handle når dei er bekymra for born dei møter. Retninglinja skal vere eit bidrag i dette arbeidet og gir klare anbefalingar og råd, både til leiing og tilsette i kommunane.
F.v: Psykologspesialist Cathrine Eide og barnevernpedagog Linda Kvalvik har vore våre representantar i arbeidet med retningslinja.
Ellen Margrethe Carlsen, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, seier at noko av det viktigaste med den nye retningslinja er å sette ulike sektorar i stand til å jobbe saman for å sjå heile barnet og avdekke samansette behov for støtte.
Retningslinja har sju anbefalingar kor:
- Tre anbefalingar er knytt til kommunen sitt ansvar i tidleg oppdaging av utsette barn og unge og deira foreldre.
- Fire anbefalingar er knytt til tilsette sitt ansvar frå kunnskap til handling i arbeidet med utsette barn og unge og deira foreldre.
Les retningslinja på Helsedirektoratet si nettside.
Kjelde: Sammen om tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge (Helsedirektoratet)