I løpet av april 2025 får vi ny nettside, med endra menystruktur og design.

Forebyggingsforum 2025:
Barn og unges selvmordstanker. Når skal vi ta det på alvor?
Les om forelesere og meld deg på
Previous slide
Next slide

Følg vårt nyhetsbrev!

Meld deg på nyhetsbrevet vårt og få informasjon om kurs, konferansar og andre nyheter frå senteret!

Ja, eg vil melde meg på!

Vidareutdanning i Sensorimotorisk psykoterapi nivå 2

Påmeldingsfrist er 1. april!

Aktuelt

Hvert år mister altfor mange unge menn livet sitt til selvmord! Til tross for økt oppmerksomhet og konkrete tiltak, forblir selvmordsstatistikken høy i denne aldersgruppen – så høy at selvmord utgjør den vanligste dødsårsaken blant unge under 30 år.


Hva får så mange unge menn til å avslutte sine liv, og hvordan kan vi håpe på å endre denne utviklingen?


Den 14. mars dykker vi ned i utfordringene, ser på ulike tilnærminger og retter blikket fremover. Vi møter bl.a. psykologspesialist og rådgiver i selvmordsforebygging ved Akershus universitetssykehus, Tormod Stangeland, Nils-Petter Hauge fra RVTS vest, med lang erfaring fra LEVE og kriseteam, Julie F. Andreassen fra RVTS vest med erfaring fra bl.a. videregåande skule, oppvekst og avlastningstenester, samt psykologspesialist Steinar Hvål.

Fredagsfokus sendes live på Facebook og www.rvtsvest.no/live/. Se tidligere Fredagsfokus her. Alle Fredagsfokus er også tilgjengelig som podcast på de største plattformene.

Fredagsfokus sendes live på Facebook og www.rvtsvest.no/live/.

Sjølvmordstankar hos barn og unge er tema på årets Forebyggingsforum den 13. mai 2025.

Vanleg å ha sjølvmordstankar

– Sjølvmordstankar er dessverre vanlege blant barn og unge, seier Julie F. Andreassen, rådgjevar ved RVTS Vest.  – Mange norske barn og unge fortel at dei har hatt sjølvmordstankar.  Heldigvis forsvinn tankane for dei fleste etter kvart, men for nokre kan dei føre til alvorlege konsekvensar. Derfor er det avgjerande å kunne skilje mellom det som kan vere ein naturleg del av utviklinga og det som er bekymringsfullt.

Julie F. Andreassen er leiar av arbeidsgruppa som jobbar med årets Forebyggingsforum.

Vi treng å lære meir

– Vi ønsker at Forebyggingsforum skal gje kunnskap og forståing for kva det er som gjer at barn og unge får sjølvmordtankar. Kva skal vi sjå etter og når er det vi må få hjelp? seier Julie.

– Konferansen vil samle førelesarar frå ulike fagfelt og med forskjellige erfaringar. Nokre vil dele sine personlege historier, nokre har forska på temaet medan andre igjen har fokus på ei eksistensiell og filosofisk tilnærming til temaet. Målet er å gi deltakarane verktøy og innsikt til å betre forstå og handtere sjølvmordstankar blant barn og unge.

Bevisstheit rundt sjølvmordstankar

– Vi trur at auka bevisstheit rundt sjølvmordstankar kan hjelpe fleire barn og unge som strevar med dette. Derfor er vi veldig glade for å ha med oss Kim Daniel Jonassen og Maud Angelica Behn, som begge er tydelege, sterke og viktige stemmer for barn og unge, seier Julie. –  Kim Daniel har ei personleg historie prega av omsorgssvikt, nærleik til rusmisbruk og vald. Han har også eigenerfaring med sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk. Han skal gi oss innsikt i korleis han på eit punkt i livet bestemte seg for å bryte med oppveksten sin.

– Maud Angelica er kjent for dei fleste, både som dotter til Märtha Louise og for hennar sterke tale etter at far hennar, Ari Behn tok livet sitt i 2019.

Julie fortel vidare at Maud Angelica også var med då RVTS Vest og fleire instansar innanfor sjølvmordsførebygging i vest, arrangerte  Folkehelseopplysningskampanjen «Snakk og sjølvmordstankar, det kan redde liv» i 2020.

– Maud skal halde opningsforedraget på forumet, som vi trur vil både berøre, engasjere og inspirere.

Vi oppfordrar alle som jobbar med barn og unge og andre interesserte, til å delta på årets Forebyggingsforum, enten fysisk eller digitalt.

Forumet vert arrangert av RVTS Vest, RKBU Vest, Korus Stavanger og Korus Bergen.

Relevant :

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) i samarbeid med RVTS Vest ønskjer velkomen til gratis fagdag om førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, med særskilt fokus på ufrivillig utanlandsopphald.

Mål med fagdagen:

  • Bli kjent med dei særskilte hjelpetenestene og korleis dei kan bistå tenesteapparatet i saker for å førebyggje og bistå ved ufrivillige utanlandsopphald.
  • Bli betre i stand til å gjenkjenne og varsle når sårbare personar blir utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.

Målgruppe:

Personar som møter sårbare og utsette personar for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, inkludert tilsette ved inkluderingssenter, skular, NAV, flyktningtenesta, barnevernstenesta, helse, utekontakt, politi, krisesenter, frivillige organisasjonar m.m.

Gå til påmeldingsskjema

Last ned program

Jobbar du som barnekoordinator? Eller har du ansvar for barnekoordinatorordninga?  

Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland, RKBU vest, KORUS Bergen og RVTS vest inviterer alle med ansvar og oppgåver knytt til barnekoordinatorrolla til digital samling, onsdag 19. mars Kl. 10-14. 

Tema for første samling: Lovkrav, rammer, dokumentasjon og forventingar til rolla som barnekoordinator. 

Støtte og erfaringsdeling

I januar gjennomførte vi eit innspelsmøte med kommunane, der vi saman såg på kva behov som kom fram i haustens kartlegging og la ein plan for 2025. Kartlegginga var det Statsforvaltarane som stod for, og det kom fram at kommunane ønsker støtte og tilrettelegging for erfaringsdeling. Vi landa på å gjennomføre fire digitale samlingar i 2025. Samlingane skal ha rom for faglege innlegg, erfaringsdeling, brukarperspektiv og informasjonsutveksling. Vi har og oppretta eit digitalt nettverk der medlemmene kan dele erfaringar, tipse kvarandre om relevante kurs og ressursar og drøfte rolle og funksjon i ordninga. 

Godt samarbeid i regionen

Linda R. Kvalvik, områdeleiar barn og unge ved RVTS Vest, fortel at det er eit godt samarbeid mellom kompetansesentra og Statsforvaltarane i regionen.

– Vi har gjort oss fleire erfaringar på at det er nyttig å samle tenestene og lære av kvarandre. For at samlingane og digitalt nettverk skal ha verdi for kommunane og dei som har roller og ansvar i barnekoordinatorordninga, er vi avhengige av at kommunane sjølve bidrar med erfaringsdeling og innspel til fagleg innhald på samlinga. Det er dei allereie godt i gang med, og vi har fleire kommunar som har meldt seg til å dele erfaringar på samlingane! Vi tek gjerne imot innspel frå brukarorganisasjonar, seier Kvalvik: – Vi er i kontakt med nokre organisasjonar, men ta kontakt om du tenker at din organisasjon har viktige perepektiv eller erfaringar for barnekoordinatorordninga! 

Kan du tenke deg å få informasjon og mulighet til å delta/bidra på samlingane? Meld deg på her! 

Oversikt over samlingar 2025: 

Onsdag 19. mars Kl. 10-14 Lovkrav, rammer, dokumentasjon og forventingar til rolla som barnekoordinator 
Onsdag 30. april  Kl. 09.00 – 12.00   Tverrfaglig samarbeid og koordinering samhandling mellom forskjellige tjenester og aktører rundt barnet og familien.   
Onsdag 3. september  Kl. 09.00 – 13.00   Vurderinger av barnets beste   Samarbeid med foreldre og barns rett til informasjon og medvirkning i lys av barnekonvensjon og CRPD  
Onsdag 12. november   Kl. 09.00 – 13.00   Relevante verktøy i arbeidet, som individuell plan, ansvarsgrupper, maler og aktørkart.  Søsken og pårørende.   

Relevant:

Bli-involvert – ei side om brukar- og pårørandeinvolvering

Vi inviterer til to påfølgjande dagskonferansar i Stryn, med tema sjølvmordsførebygging.

Auka kunnskap og refleksjon rundt våre haldningar og handlingar er nødvendig for å redusere dei høge sjølvmordstala i Noreg. Dette krev ein koordinert innsats både på individ- og samfunnsnivå.

LEVE Sogn og Fjordane, i samarbeid med LEVE HordalandUnge LEVE og RVTS Vest, inviterer til konferansar med fokus på sjølvmordsførebygging og oppfølging av etterlatne.

Dato og tema:

12. september 2025: «I møte med andre si livkrise – kven er vi og kva gjer vi?»

13. september 2025: «Livet etter døden» (parallell konferanse for vaksne og unge)

Stad:

Alexandra hotel, Loen i Stryn kommune/Nordfjord

Bli litt kjent med førelesarane

Kjetil Siem

Kjetil var far til fire. Men i januar for to år sidan tok den 29 år gamle Marin – på sin eigen bursdag – livet sitt etter mange år med psykiske lidingar og bipolar diagnose.

Bergljot Gjelsvik

Psykolog og forskar. Forskar på kva som gjer at livet for nokon ikkje er til å bere, og korleis vi kan forstå overgangen frå suicidale tankar til handling. 

Oddvar Vignes

Innlegget til Oddvar baserer seg på livet før og etter sjølvmordsforsøket hans i 2009. Innhaldet er alvorleg men vert formidla med livsglede og humor.

Knut Andersen

Arbeider ved VID høyskole som høgskulelektor, han har mellom anna ansvar for ei vidareutdanning i sorgstøttearbeid. 

Veronica Halvorsen Møgster

Jobbar som fagansvarleg for Unge LEVE, ungdomsavdelinga i LEVE – landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord. 

Kari Hollekve

Mamma til ungdomane Eline (15) og Hanna (13). Mista vår Erik – sambuar og pappa til jentene våre – i sjølvmord i 2019. 

Rita Småvik

Rita arbeider som rådgjevar innan førebygging av sjølvmord og sjølvskading, samt traumer, ved RVTS Midt. 

Chiku Ali

Jobbar ved RVTS Vest og er utdanna VIVAT-instruktør, og elles oppteken av kultursensitivitet i møte med sjølvmord hos menneske med etnisk minoritetsbakgrunn.

Nils-Petter Hauge

jobbar ved RVTS Vest. Han har vore med i LEVE sentralt og i LEVE Sogn og Fjordane sidan oppstarten i 2000. Han har også vore medlem i kriseteamet og hatt mange oppfølgingssamtalar med etterlatne og unge. 

Barn og unge sine sjølvmordstankar. Når skal vi ta det på alvor?


Sjølvmordstankar er vanlege blant barn og unge. Rundt 15-20% av alle unge opplever å ha slike tankar i løpet av tenåra, og det kan vere ein naturleg del av utviklinga. For dei fleste forsvinn tankane etter kvart, men for nokre kan dei føre til alvorlege konsekvensar. Korleis kan vi skilje mellom det normale og det bekymringsfulle?

Førelesarane på konferansen representerer ulike fagfelt og erfaringar. Nokre vil dele sine personlege erfaringar. Andre har ein eksistensiell og filosofisk tilnærming til konferansens tema.

Forumet føregår både digitalt og fysisk.

Dato:

  1. mai

Sted:

Radisson SAS Bryggen

Bekrefta førelesarar:

Victoria Bakken, stipendiat, RKBU Midt
Lars Fr. H. Svendsen, norsk forfatter og filosof

Gå til påmelding

Konferansen vert arrangert av KORUS Bergen, KORUS Stavanger, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) og Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging (RVTS Vest).