Zelo testside

 

Avdekking – kva så?

Kompetanseheving for barneverntenester, konsultasjonsteam og samarbeidspartnarar

Kompetansehevinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging og lokal barnevernteneste.

Kompetansehevinga skal styrke barnevernsarbeidarane si handlingskompetanse i komplekse barnevernssaker, samt gje tenesta rettleiarkompetanse knytt til samtalar med barn.

  • kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • krisearbeid, kulturforståing og samtalemetodikk
  • oppfølging av vald- og overgrepsproblematikk i familiar

Kompetansehevinga er delt inn i to modular:


1. Barnevernets arbeid etter avdekking av vald eller overgrep: 13 fagdagar, teoretisk kunnskap + gruppearbeid.
2. Samtaler med barn: To puljer, parallelt med modul 1, 6-8 dagsamlingar med prosessrettleiing i gruppe. Bruk av video. Praktiske arbeidskrav.

Nokre deltakarar frå første pulje får rettleiingsansvar (birettleiarar) i runde to, saman med RVTS Vest. Slik styrkast tenestestade si kompetanse og mulighet til å vidareføre kompetansen til nye tilsette og samarbeidspartnarar.

RVTS tilbyr rettleiing på rettleiing for desse ressurspersonane, i tillegg til faste fagdagar med rettleiing og fagleg påfyll.

For deg som allereie deltek på programmet:


Er du deltakar på “Avdekking – kva så?” kan du få oversikt over materialet frå undervisninga via den allereie registrerte e-posten din: