Trygge vaksne med traumekompetanse i barnehage og skule
Trygge vaksne med traumekompetanse i barnehage og skule er ein kompetansepakke for deg som jobbar i skule og barnehage.
Det er ikkje nok å ha kunnskap. Det trengs ei forståing av fagkompetanse i kombinasjon med verksame haldningar og handlingar, som viser i møte med barn og unge her og no – også når «det stormar».
Barn i stress og uro treng å bli møtt med ro i situasjonen – det gjev grobotn for trygg regulering. Denne tilnærminga er svært viktig for barn som lever med livsbelastningar, og den er god og nyttig for alle barn og unge.
Det faglege innhaldet kan styrka «laget rundt barnet» i møte med barn og unge som lever med ulike livsbelastningar.
Pilotert
Alle tilsette i oppvekstsektoren i Sandnes kommune har vore med som pilot i utviklinga av kompetansepakken.
Målgruppe
Kompetansepakkane er for barnehage og skule i Vestland og Rogaland, inkludert SFO og dei tverrfaglege tenestene som arbeider med barn/unge: Støttetenester, skulehelseteneste, PPT og barnevern m.m.
Korleis er kompetansepakkane bygd opp?
Skulepakken er 4 x 90 minutt og barnehagepakken er 5 x 90 minutt. Alt er tilpassa skulane og barnehagane si personalmøtetid, kontekst og omgrep. Kompetansepakkane har ein tydeleg struktur og er sjølvforklarande. Dei inneheld fagfilmar, refleksjonsoppgåver, gruppeoppgåver, øvingar, tilleggsressursar og kunnskapsgrunnlag, samt konkrete oppgåver til førearbeid/etterarbeid.
Kompetansepakkane skal gjennomførast fysisk i personalgruppene, kor ein viser filmar med følgjande hovudtema:
- Utviklingstraumer og barnesyn
- Mentalisering, triggarar og stressreduksjon
- Reguleringsstøtte – ja, men korleis gjer vi det då?
- Den terapeutiske leiken (barnehage)
- Regulerande arbeidsmiljø og kritisk refleksjon
Kva krevjast av barnehage og skule som vil gjennomføre kompetansepakkane?
- At heile barnehagen/skulen deltek (eller aller best: alle barnehagar/skular i kommunen).
- Kompetansepakkane må forankrast i leiing på alle nivå: Oppvekstsjef, barnehagesjef og skulesjef, rektorar og barnehagestyrarar – fordi leiarane skal leie/implementere.
- Fysisk oppstartssamling for alle tilsette «Kick off» t.d. 2 timar der RVTS Vest bidreg fagleg.
- Leiarsamling på Teams med RVTS Vest før kompetansepakkane opnast.
- Leiarteamet går gjennom kompetansepakkane før alle tilsette deltek.
«Eg har eit par tilsette som ønskjer å ta kompetansepakkane»
Trygge vaksne med traumekompetanse i barnehage og skule er eit kompetanseprogram for å løfte ein heil arbeidsplass. Det er ikkje meint for enkeltpersonar, verdien ligg i felles læring og kollektiv kapasitetsbygging.
Kva med vikarar, nytilsette og dei som var sjuke under gjennomføringa?
Vi anbefaler at leiinga gjennomfører kompetansepakkane med dei som var sjuke, dei nytilsette og vikarar samla eit par gonger årleg. PS: Hugs tilsette i SFO, spesialpedagogar og miljøterapeutar!
Korleis få tilgang?
Vi kjem til å legge ut interesseskjema. Følg med på denne nettsida eller meld deg på nyhetsbrev. Då får du informasjon om dette, samt andre aktuelle saker frå RVTS Vest.