Aktuelt
Traumesensitivt møte med fosterbarn
- 21/03/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging traumesensitiv

I helga var det Storsamling i Ulvik for alle fosterforeldre i Bergensområdet.
Heile 290 engasjerte fosterforeldre var til stades. Dag Nordanger og Inge Nordhaug frå RVTS Vest stod for det faglege innhaldet på samlinga. Dei førelas om utviklingstraumer hos fosterbarn og korleis barna kan møtast med traumesensitiv omsorg.
– Dette er eit utruleg betydningsfullt arrangement i forhold til nokon av RVTS Vest sine viktigaste målgrupper, og vi takkar Bufetat for at vi vart invitert med som undervisarar, seier Dag Nordanger og Inge Nordhaug.
– Dette er noko av det mest meiningsfulle eg har vore med på i fagleg samanheng, seier Dag Nordanger. – Eg har formidla denne kunnskapen til mange ulike yrkesgrupper dei seinare åra, som barnehagepersonell, lærarar, barnevernskonsulentar, psykologar og psykiatarar, men eg har alltid tenkt at fosterforeldre er den aller viktigaste gruppa for utviklingstraumatiserte barn. Fosterforeldre tek støyten for den vonde starten desse barna har fått, dei møter konsekvensane av det kvar dag. Dei tek eit enormt samfunnsansvar på vegne av oss alle, i eit folkehelseperspektiv førebygger dei veldig mykje liding. Det å få lov til å møte så mange på ein gong og formidle denne kunnskapen kjennes som eit stort privilegium, og sjølvsagt ikkje minst når foreldra gir uttrykk for at kunnskapen vil hjelpe dei i kvardagen. Å få ta del i den kjærleiken og det inderlege engasjementet fosterforeldra har for barna sine var også ei stor glede.

Populære samlingar
– Dette er 26. året Bufetat, område Bergen arrangerer Storsamling for fosterforeldre i Hordaland, seier Line Midtøy, rådgjevar ved Bufetat og koordinator for denne samlinga. – Det er ein årleg happening som mange fosterforeldre ser fram til. Nokre fosterforeldre opplever å stå litt åleine i kvardagen om ei stor omsorgsoppgåve. På storsamlinga opplev ein å møte forståing og andre i same situasjon. Det faglege innhaldet er på laurdag og sundag, men mange vel å komme allereie fredag for å vere saman. Vi er glade for at RVTS Vest bidrog med det faglege innhaldet denne gongen. At Dag Nordanger svarte på førespurnaden vår 5 minutt etter at den var sendt, viser eit engasjement kring betydinga av fosterforeldre. Bufetat spurte Dag og Inge om å førelese kring denne tematikken, då vi tenkjer at dette er relevant kunnskap for alle fosterforeldre å kjenne til. Fosterforeldre er ulike og har ulik kompetanse og erfaring, både i antal år ein har vore fosterforeldre og i forhold til problematikken hos barna. For nokre var noko av stoffet kjent, for andre var det mykje nytt. Bufetat opplever at Dag og Inge formidla stoffet på ein måte som ga relevans og kompetanse til både fosterforeldra og dei fagfolka som var tilstades.
Gjenbruk av fosterforeldre
Eit tema på samlinga var gjenbruk av fosterforeldre. Bufetat Region Vest gjennomførte i 2013 ei undersøking blant fosterforeldre. Eitt av spørsmåla i undersøkinga var «Hvor interessert er du i å ta imot et fosterbarn I TILLEGG til det/de fosterbarna du allerede har?». 130 fosterforeldre svarte at dei er interessert eller ganske interessert, dette var 21 prosent av dei som svarte, altså kvar femte fosterfamilie. – På Storsamlinga er det mange samtalar kring kor givande og lærerikt fosterforeldre opplever at det er å ha omsorg for barn som treng det, avsluttar Line Midtøy.
Bufetat i område Bergen har for tida 122 søknader frå barnevernstenestene om fosterheim til barn og ungdom. Behovet for nye fosterheimar er betydelig. Bufetat i Bergen har informasjonsmøter om fosterheim månadleg på Scandic Bergen City. For datoar sjå www.fosterhjem.no
Storsamlinga for fosterforeldre vart arrangert på Brakanes Hotell i Ulvik i Hardanger.